Hopp til innhold

Varslar inngrep mot A-pressen

Medietilsynet varslar inngrep mot A-pressen sitt oppkjøp av Edda Media, med avisene Varden, Telen og Kragerø Blad Vestmar i Telemark.

Årsaka er at A-pressen får ei for stor eigarstilling i medieregionane aust og vest for Oslofjorden.

- Vi er opne for at A-pressen kan kome med forslag for å løyse problema, seier direktør i Medietilsynet Tom Thoresen.

Det er også aktuelt å pålegge A-pressen å selje alle aksjane i Edda Media, eller forby kjøpet.