Hopp til innhold

Superoptimist for Odd før seriestart

Sjekk Odd-direktør Einar Håndlykkens elleville førehandstips før eliteseriestart.

Einar Håndlykken

Her har Odd-direktør Einar Håndlykken tippa resultatet for Odd sine kampar. Les kva han har tippa lenger ned i artikkelen.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Einar Håndlykken var gjest i morgonsendinga og deltok i Telemarksendinga sin uhøgtidlege tippekonkurranse for årets eliteserie.

Håndlykken fylte ut Telemarksendinga sitt skjema der han tippa resultatet for Odd sine heimekampar og bortekampar før seriestart.

Einar Håndlykken

Einar Håndlykken har trua på årets utgåve av Odd før seriestart.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Tidlegare har Telemarksendinga hatt besøk av Odd-supporter Dag Erik Pedersen som etterlyste ei tøffare haldning, at spelarane var mentalt til stades og har ein vilje til å vinne avgjerande augneblink.

Det er Odd-direktøren einig i, sjølv om han meiner det ikkje er mogleg å ta gull før serien har starta.

– Det som er viktig er innstillinga til å vinne kvar einaste kamp, og eg det trur eg vi har i år, seier Håndlykken.

Må ha tru dei kan vinne

Han trur spelarane har ei sterkare tru på at dei kan dra til Sandefjord, Lerkendal og Drammen for å vinne før denne sesongen.

– Og det håpar eg at vi alle kjem til å merke.

Håndlykken har også ei sterk tru på laget i år, blant anna fordi Odd var eit av dei laga som tok flest poeng i haustsesongen i fjor, og vunne flest kampar i vintersesongen i år.

– Det håpar eg vi får sjå også når Odd møter Sandnes Ulf til helga. Og Molde om litt over ei veke.

– Men så har Odd også ei evne til å skuffe når folk håpar det beste?

– Det har jo vore nokon slike historier, som då Odd for nokre år sidan tapte heime mot Sogndal i første seriekamp.

Tippetips 2014

Her er tippelappen til Einar Håndlykken.

Foto: NRK

Håndlykken trur likevel det viktigaste blir innstillinga til kvar kamp og ikkje kor mange poeng det blir sagt på førehand at Odd skal ta gjennom ein heil sesong.

Tippar mange poeng til Odd.

Før sesongstart til helga borte mot Sandnes Ulf fylte Erik Håndlykken ut Telemarksendinga sin uhøgtidlege førehandstipping av Odd sin kampar.

Og slår superoptimisten Einar Håndlykken sine vinnartips inn kan Odd innkassere 70 poeng når eliteserien er ferdig i november.

Odd-direktøren spår at det berre blir tap borte mot Bodø Glimt og Viking i år. Difor kan det verke litt rart at Håndlykken spår at Odd hamnar på ein femte plass til slutt.

For dei ti siste åra har ingen lag klart å kapre 70 poeng i eliteserie i fotball. Rosenborg var nærast då laget blei ein seriemeister i 2010 med 68 poeng.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark