Hopp til innhold

Rørte politikarane med å fortelje om mannen sitt sjølvmord

Bianca Vestvik rørte og engasjerte politikarane i Skien med si sterke historie om mannen sitt sjølvmord.

Bianca Vestvik

Bianca Vestvik har skrive bok om opplevingane etter at mannen tok sjølvmord og delte erfaringane sine med politikarane i Skien.

Foto: Eirik Haugen / NRK

For sju år sidan tok mannen til Bianca Vestvik sitt eige liv og onsdag fortalte ho si sterke historie til politikarane i hovudutvalet for helse og velferd i Skien.

Politikarane i Skien ønskjer å sette fokus på problemet for å førebyggje sjølvmord og hjelpe familie og venner som blir ramma. Dei fekk høyre historia til Bianca som brukar sine erfaringar til å hjelpe andre.

– Verste eg har opplevd

– For meg var dette noko av det verste eg har opplevd. Samstundes har eg sett at det går an å leve vidare, og at det går an å smile gjennom tårene. Men det er klart at den dagen i livet mitt vil vere eit vendepunkt, seier Vestvik.

Det er ein desemberdag i 2006. Bianca Vestvik vaknar utan mannen sin i senga. Nokre minutt seinare finn ho ektemannen død på låven der dei bur og livet blir heilt snudd på hovudet.

Politikarane i Skien fekk høyre om livet som enke, aleinemor og alle tabu ho møtte etter eit sjølvmord. Vestvik opplevde at folk ikkje turte å snakke til ho på butikken og ikkje ville sjå henne i auga.

Rørte politikarane

Bianca Vestvik

Bianca Vestvik rørte politikarane i Skien med sine erfaringar.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Bianca Vestvik har engasjert seg sterk i liknande tilfelle og rørte politikarane i hovudutvalet i går. For Vestvik meiner det er mye ein kommune som Skien kan gjøre.

– Eg opplevde ei kjensle av å vere utestengt. Av å vere eit spøkjelse. Og eg tenkte negativt om at dette hadde noko med meg å gjere, at eg hadde opplevd sjølvmord, at det kanskje var mi skuld, seier Vestvik.

Dette blei ei veldig destruktiv kjensle som gjorde at Vestvik slutta å gå ut. Men så tenkte Bianca på kva ho ville gjort viss situasjonen hadde vore motsett og ho hadde møtt ein som var etterlatt etter sjølvmord.

– Og då kjente eg at eg kanskje hadde vore feig eg og. Kanskje eg og hadde gått på andre sida av gata og vald det bort, i fare for å seie noko feil eller noko som kan gjere det enda vanskelegare, seier Vestvik.

Då forstod ho at folk ofte vel etterlatte bort i redsle for å såre, og då blei det mykje enklare å bere.

– Ta det på alvor

Janet Ververda i organisasjonen Leve i Telemark

Jan Verveda i organisasjonen Leve i Telemark.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Janet Ververda i organisasjonen Leve i Telemark meiner det er utruleg viktig å sette fokus på sjølvmord og førebygging. Ho ser ofte at dei etterlatne slit.

– Eg tenkjer i første rekkje på at det er viktig å vere open på det. Og vere med på å ta etterlatne på alvor, seier Ververda.

Ho meiner det er viktig å støtte kriseteam og gje ressursar slik at dei etterlatne får den oppfølginga dei treng.

– Ta dei på alvor rett og slett. At det ikkje er eit vanleg dødsfall, men eit sjølvmord som er mykje meir krevjande for dei etterlatne enn ein vanleg sjukdom, seier Ververda.

Viktig med nettverk

Bianca Vestvik har engasjert seg sterkt i liknande tilfelle og rørte politikarane onsdag kveld. For Vestvik meiner det er mykje ein kommune som Skien kan gjere.

– Dei aller fleste har eit nettverk, anten det er ein nabo eller kolleger, så er det fleire rundt oss enn det vi ser og tenker over, seier Vestvik.

Ho meiner at dersom kommunen og kriseteam hjelper til med å aktivisere desse og koordinerer kva dei pårørande treng hjelp til.

– Det kan vere å måke snø eller handle mat eller ha nokon å snakke med, seier Vestvik.

Ho synest Skien kommune er flinke som set sjølvmord og etterlatne på dagsorden, og håpar andre kommunar gjer det same. Og trur det handlar mykje om kvardagsmenneske.

– Det å smile og sjå folk i augo som du kanskje ikkje kjenner. At det ligg veldig mykje førebygging i det å bry seg. I å vere eit menneske som ser andre. Det er noko vi alle kan gjere uansett kva for kommune vi bur i, seier Vestvik som også har skriv bok om emnet.

Hedda Foss Five og Odin Adelsten Bohmann

Ordførar Hedda Foss Five og leiar i hovudutval for helse og velferd, Odin Adelsten Bohmann.

Foto: Eirik Haugen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark