Hopp til innhold

Skiftar ut akslingar og lager på brua

Til hausten stenger Porsgrunnsbrua i seks veker. Det betyr at ingen båtar høgare enn seks meter kan kome forbi brua.

Porsgrunnsbrua

Klaffane på Porsgrunnsbrua vil ikkje kunne løftes mens aksler og kulelager byttes ut. Båtar høgare enn seks meter vil ikkje kunne passere under brua. I periodar vil det vere stengt for all trafikk under brua.

Foto: Tor Arvid Austråt Gundersen, Statens vegvesen

Porsgrunnsbrua vil bli stengt i seks veker på grunn av vedlikehald i haust. Frå 20. september til 10. november vil det ikkje vere mogleg å segle under eller køyre over brua.

Under rehabiliteringa vil det ikkje vere mogleg å løfte bruklaffane, derfor kan ikkje båtar som er høgare enn 6 meter passere i denne perioden.

Slitne lager og akslingar

Porsgrunnsbrua blei opna for 57 år sidan i 1957. Begge motorane som løftar bruklaffane, blei erstatta i 2010, men lagra og akslane har gjort jobben samanhengande i alle åra brua har eksistert.

Desse lagra er nå svært slitne, det er derfor heilt nødvendig å bytte dei ut. Når kulelagera skal bytast, blir også sjølve akslane bytta. Det betyr at festepunkta til bruklaffane må losnast, mens akslane blir tatt ut. Her er dimensjonane svært store.

Mens heile brua er totalt 224 meter, så er kvar av klaffane 22 meter. Dei er solid bygt og veg 450.000 kg kvar, altså til saman 900 tonn.

Dette er også årsaka til at det ikkje er mogleg å tilby ekstraordinære opningar i perioden arbeidet går føre seg.

(Artikkelen held fram under bilete)

Porsgrunnsbrua

Det er akslingane og lagra i bruklaffane på Porsgrunnsbrua som må bytast denne gongen.

Foto: Christer Karlsen / NRK

Brutårna er eit kjennemerke

Dei fire små tårna på brua er kjennemerke dei fleste som har passert brua nokre gonger drar kjensel på. Her er inngangen til bruas indre, der motor og drivverket er.

Motorane står i eit maskinrom lenger nede i brua, mens lagra er i trapperommet på veg ned. Det er her akslane må firast ned i eit trongt rom til maskinrommet for så å bli heisa opp gjennom ei luke i brua.

Denne operasjonen må bli gjentatt for alle fire akslane. I korte periodar under bestemte arbeidsoperasjonar, vil det også bli stengt for all båttrafikk under brua, uansett storleiken på båtane. Dette er med omsyn til tryggleiken.

Under dette arbeidet kan heller ikkje brua bli belasta med biltrafikk, den vil vere heilt stengt gjennom heile denne perioden.

Fotgjengarar og syklistar kan bruke brua som normalt mens arbeidet går føre seg.

Les også: Dødslek på Porsgrunnsbrua