Hopp til innhold

Spleiselag for Bratsbergbanen

Det blir nå arbeidd med eit spleiselag for å berge drifta av Bratsbergbanen.

Bratsbergbanen

Bratsbergbanen må tilby kundane moderne materiell, og banen må bli elektrifisert fram til Notodden stasjon for å få eit liv etter 2014.

Foto: nils martin brandvik / nrk

Onsdag møter fylkesordførar Terje Riis-Johansen og ein delegasjon frå Telemark samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen for å diskutere løysingar.

Jørn Christensen.

Jørn Christensen meiner staten må ta rekninga.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Prøveperioden for drift av Bratsbergbanen går ut i desember 2014. Men i regjeringa sitt forslag til kommuneproposisjon blir det likevel opna for å drøfte vidare drift på banen.

Ordførar på Notodden, Jørn Christensen, seier utfordringa blir å overtyde styresmaktene om at banen må rustast opp.

– Banen må få moderne materiell for publikum, og dei siste 800 metrane fram til Notodden stasjon må bli elektrifisert, seier Christensen.

Kan nå målet

Bratsbergbanen fraktar i underkant av 50.000 passasjar i året, mens målet i prøveperioden var 100.000.

Sjølv målet om ikkje blir nådd, sender likevel NSB inn eit nytt tilbod til samferdselsdepartementet for vidare drift på strekninga etter 2014.

Pål Hansen i NSB trur at meir moderne vogner, færre driftsstopp og sikrare drift kan føre til at dei når målet.

Drøftar spleiselag med staten

Pål Hansen ved en billettautomat

Pål Hansen i NSB trur Bratsbergbanen kan få fleire passasjerar.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det har vore eit møte mellom fylkesordførar Terje Riis-Johansen og ordførarane langs Bratsbergbanen. Her blei det også lufta eit spleiselag mellom partane for å finansiere elektrifisering av den siste strekninga på Notodden.

Ordføraren på Notodden vil helst at staten tar heile rekninga med å få elektrifisering heilt fram til Notodden stasjon, men er også open for eit spleiselag.

– Det kan fort bli slik at eit spleiselag blir plan B, men dersom det blir slik må saka opp til behandling i kommunestyret. Og eg kan ikkje seie kva resultatet blir, eller fordelingsnøkkelen, seier Christensen.

Viss det ikkje blir ei løysing med meir statlege pengar, vil banen mellom Notodden og Skien bli nedlagt i desember, viss ikkje staten forlenger prøveperioden.

Fylkeskommunen stiller opp

Samferdsleutvalet i fylkeskommunen får 2. juni ei sak om fylkeskommunal støtte til elektrifisering av Bratsbergbanen.

Fylkesrådmannen foreslår at fylkeskommunen blir med på eit spleiselag for å elektrifisere Bratsbergbanen dei siste 800 metrane fram til Notodden stasjon.

Fylkesrådmann Evy Anni Evensen vil bruke inntil 6,3 millionar kroner av disposisjonsfondet til dette. Men føresetnaden er at Jernbaneverket og andre aktørar dekker resten.

Utrekningar som er gjort viser at arbeidet kostar mellom 8,5 og 22,9 millionar kroner avhengig av kva for løysing som blir vald.

Frp er imot

Gry-Anette Rekanes Amundsen

Gry-Anette Rekanes Amundsen vil ikkje bruke meir pengar.

Foto: Johs Apold / NRK

Medlem for Framstegspartiet i samferdsleutvalet, Gry Anette Rekanes Amundsen, meiner fylkeskommunen ikkje bør bruke meir pengar for å drifte Bratsbergbanen.

– Fylkeskommunen har andre lovpålagde oppgåver dei må ta seg av på ein gode måte, seier Rekanes Amundsen.

Og viser til at fylkeskommunen også tidlegare har brukt pengar på Bratsbergbanen.

Ei eventuell deltaking i eit spleiselag for elektrifisering av Bratsbergbanen skal først opp i samferdsleutvalet og blir endeleg avgjort i Fylkestinget 17.–18. juni.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark