Bente Søyland krev erstatning frå kommunen for tapt barndom fordi ho ikkje kom i fosterheim.
Bakgrunnen for den såkalla Søylandsaka, er ei barnevernssak frå midten av 80-talet.
Dei biologiske foreldra, med støtte frå ei lokal aksjonsgruppa, fekk omgjort omsorgsvedtak gjort av barnevernsnemda i Porsgrunn kommune.
Barnevernet i Porsgrunn meinte ungane burde plasserast i fosterheim eller institusjon, men det fekk dei ikkje medhald i.
Barneflokken på fem blei verande hjå dei biologiske foreldra.
Det gjaldt også yngstejenta Bente, som i lange periodar hadde vore i fosterheim. No kjem altså kravet om 3, 6 millionar kroner i erstatning.
Forelda
Porsgrunn kommune meiner kravet er forelda. Og viss det er rettmessig krav om erstatning, argumenterer kommunen med at det ikkje er kommunen som er rette adresse for kravet.
I Søylandsaka vart nemleg kommunen overprøva av både fylkesmannen, fylkesnemnda og sosialdepartementet. Advokaten til Bente Søyland hevdar at kommunen uansett er ansvarleg etter barnevernslova.
Fleire fylgjer saka
Direktør i Kommunenes Sentralforbund, Olav Ulleren, er oppteken av saka og seier at KS no skal satse meir på å byggje opp kompetansen på dette området.
Rettsaka startar 9. mai, og det er sett av to veker. Alt no har fleire fagmiljø meldt interesse for å fylgje saka fordi den har prinsipielt svært interessante problemstillingar.
Porsgrunn kommune kjem ikkje til å krevje at saka går for lukka dører. Motparten har enno ikkje bestemt seg for om dei vil be om lukka rettsak.