Det menneskeskapte lyspunktet i Tinn har fått plass på ei liste over 19 stader i verda du kanskje ikkje visste om, men som du burde få med deg.
SKØYTEIS: På Rjukan torg med solspegelen i bakgrunnen i november.
Foto: Trond Stegarud– Det er alltid morosamt å lese om Rjukan og solspegelen i internasjonale medium, seier Hege Næss i VisitRjukan.
Solspegelen sende sine første solstrålar ned på torget på Rjukan i 2013. Og det dukkar stadig opp folk som har høyrt om solspegelen, eller internasjonale medium som kjem med førespurnader om reportasjar.
– Interessa er stor, og det er gøy, seier Næss.
Les også:
Har betalt seg mange gonger
GØY: Hege Næss er glad for interessa for solspegelen.
Foto: VisitRjukanFor ikkje lenge sidan gjekk det ein dokumentarfilm på NRK om solspegelen. Visit Rjukan opplever at merksemda i medium har ført til fleire besøkande i sommar.
– Ikkje berre på grunn av solspegelen, men det er ein av faktorane. Dei fleste har høyrt om solspegelen og vil sjå kor det er.
– Er det mogleg å måle attraksjonsverdien for solspegelen?
– Ja. Det er blitt sett ein kroneverdi på kva alle medieoppslaga er verdt, og det er snakk om mange millionar kroner. Så dei fem millionar kronene det kosta å få det installert har nok betalt seg mange gonger, seier Næss.
PÅ TORGET: Folk sette opp solsenger på torget for å sole seg då solspegelen blei avduka i 2013.
Foto: NRK