Kviteseid bygdetun
Verdifulle historiske bygningar i Vest-Telemark blir no sikra for ettertida.
- Dette er ein del av den store museumsreformen, seier dagleg leiar av den nye Stiftinga Vest-Telemark Museum, Dag Rorgemoen. Han meiner samarbeidet vil styrke den faglege innsatsen.
Fem museer blir med i Stiftinga Vest-Telemark museum frå 1. januar. Det er Eidsborg, Åmdals Verk gruver, Norsk Skieventyr i Morgedal, Fyresdal Bygdemuseum og Kviteseid Bygdetun.
- Det vil bli fleire tilsette innanfor den nye organisasjonen, og mindre av arbeidet vil bli basert på dugnad, seier Rorgemoen.
Han meiner musea skal meir aktuelle, og i mykje større grad rette seg mot skulane.