Politiet fekk melding ti på sju om at ein person hadde kome seg inn i eitt hus på Ulefoss med eitt våpen.
Det var ei kvinne som meldte frå til politiet om at ein mann hadde brote seg inn i leiligheiten der ho budde saman med kjærasten. Dei to fornærma i saka er i slutten av 20-åra.
– Det blei meldt om at skot var avfyrt inne i huset, opplyser Jørn Gustav Larsen, operasjonsleiar ved Telemark politidistrikt.
Fleire patruljer blei sendt til staden og politiet var væpna.
Politiet var framme på staden ved huset som ligg på Ulefoss, ved halv åtte tida.
– Gjerningsmannen hadde då forlatt huset når politiet kom til staden, seier Larsen.
(Artikkelen held fram under bilete)
Ingen er skadd
Det er avfyrt skot inne i huset, men ingen er truffe av skota, får politiet opplyst etter å ha snakka med folk som var inne i huset. Mannen som avfyrte skota inne i huset skal vere i 30-åra.
– Politiet leiter nå etter gjerningsmannen, opplyser operasjonsleiar.
Om lag kvart på åtte er store politistyrkar iferd med å søke etter mannen i området ved Ulefoss.
– Politiet vil gjerne ha opplysningar om folk har sett ein sort VW Golf, seier Larsen til NRK.
Mistenkte er arrestert
– Den mistenkte er arrestert, ingen personar er kome til skade, opplyser operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen klokka 08.30.
Mannen som er sikta i saka blei arrestert på ei adresse på Ulefoss. Her blei også den etterlyste Golfen funne.
På den same adressa blei også ein mann i 40-åra arrestert. Han er sikta for vinningskriminalitet, altså eit anna straffbart forhold, opplyser politiet.
(Artikkelen held fram under biletet)
Banka på ruta
Marit Linnea Graadal er ein av naboane i nærleiken av huset der skyteepisoden skjedde.
– Eg høyrde ein person som banka på vindauge, og ropte skjellsord, seier Graadal.
Ho har snakka med naboane og fortel at ein av naboane var involvert i ein episode med stikking med saks.
Graadal har sjølv ikkje høyrt at det blei løsna skot, men andre naboar skal ha gjort det.