Behovet for meir straumproduksjon er høg i Noreg og sidan 2000-talet har det vore eit håp om å bygging Sauland kraftverk i Hjartdal i Telemark.
Denne veka sette styret ned foten fordi kostnadene har blitt for høge.
I desember estimerte styreleiar Geir Kulås at prisen ville bli over 1,5 milliard kroner, men sluttsummen blei mykje høgare enn det.
– Det var vesentleg høgare. Eksakte tal ønsker vi ikkje å gå ut med, seier Kulås til NRK på spørsmål kva anboda låg på.
Sauland kraftverk ville anslagsvis produsert rundt 220 GWh med straum. Produksjonen ville svare til forbruket til 11 000 husstandar.
Foto: Skagerak EnergiHøg prisvekst generelt, spesielt innan elektromekaniske delar og bygg- og anleggsbransjen, blir peika på som årsaker.
– Kor høg måtte prisen på straum vore for at det ville lønt seg å bygge ut?
– Kraftprisen måtte vore vesentleg høgare enn det forventninga våre er nå. Og eg vil vel seie at i den perioden vi er inne i nå, har vi eigentleg relativt gode forventningar til kraftpris.
– Så konklusjonen vår er at han måtte vore urealistisk høg, seier Kulås.
Fleire nei
Førre veke stemte Drangedal nei til utgreiing av eit stort vindkraftanlegg i kommunen. Dermed er dette andre neiet til fornybar kraft i Telemark på få dagar.
– Generelt er det urovekkande, med tanke på det behovet samfunnet har for meir kraft. Det er absolutt ei oppgåve for oss i fellesskap å finne ut av, seier Kulås.
Ordføraren i Hjartdal reagerer med stor skuffelse på at det ikkje blei noko av.
Ordføraren i Hjartdal Bengt Halvard Odden
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Landet vårt treng sårt fornybar energi. Det ville dette prosjektet gitt. Så alt i alt er dette trist både for landet vårt, for Telemark, og sjølvsagt også for Hjartdal, seier Bengt Halvard Odden (Ap).
Herøya: – Eit paradoks
På Herøya Industripark i Porsgrunn har dei lenge etterlyst meir straum for å drive meir miljøvennleg og sikre straumtilgangen for industrien.
Direktøren på Herøya, Sverre Gotaas forstår at prisane for å bygge har auka mykje, men hadde likevel forventa at prosjektet blei noko av.
Direktøren på Herøya, Sverre Gotaas.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Vi klagar jo på at straumprisane er for høge, men her viser det seg at dei ikkje er høge nok for å få meir kraft inn i systemet – slik at straumprisen hadde gått ned igjen. Kraftsystemet er ganske komplekst. Og det er eit paradoks, seier Gotaas.