Det har kokt i Drangedal ei god stund.
Frontane har vore steile i spørsmålet om utgreiing av eit enormt vindkraftprosjekt på Lundeheia ved grensa mot nabokommunen Nome.






DELTE MENINGER: Heia mellom Nome og Drangedal.
FOTO: Philip HofgaardFred. Olsen Renewables AS, Drangedal kraft og Telemark energi har ønskt å bygge 57 vindturbinar på eit område som er like stort som halve Horten kommune.
Nokon har trua med å flytte om planane blei noko av, mens andre meinte prosjektet ville redde kommuneøkonomien med fleire titals ekstra kraftmillionar på bok.
Eit tydeleg nei
Torsdag stemte lokalpolitikarane over eit forslag om dei i det heile skulle gå vidare med ei utgreiing av planane. Det sørgde Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre og Frp å sette ein stoppar for.
Dei ønsker heller å fokusere på vasskraft, solkraft på allereie utbygde område, og dessutan annan utsleppsfri energi.
Vedtaket var utvilsamt til glede for mange, men også ein stor skuffelse for dei som ønskte vindkraftprosjektet i Drangedal.
Ein av dei er Sverre Gotaas, direktør for Herøya industripark.
Sverre Gotaas, direktør for Herøya industripark.
Foto: Theo Aasland Valen / NRK– Det var jo ikkje det eg hadde håpa. Så er det jo slik lokaldemokratiet fungerer. Det var eit ganske klårt fleirtal for å ikkje gå vidare, så da får vi berre forhalde oss til det, seier han.
Industrileiaren meiner det handlar om to ring.
– Det kunne bidratt til kraftforsyning i heile Noreg, men det er jo også det at alle kraftutbyggingar i nærområdet gjer at krafta blir frakta kortare veg. Da hadde det vore lettare å få brukt den lokalt, seier han.
Meiner tilhengarane har eit kommunikasjonsproblem
Han synest det er flott at Drangedal opnar døra for vatn og sol, men trur ikkje det gir dei store moglegheitene.
– Slik eg har forstått det gjeld det område som allereie er brukte, men all kraftutbygging hjelper.
Tungindustrien i Grenland treng kraft til å elektrifisere produksjonen for å redusere CO₂-utsleppa sine. Mange håpa at Drangedal kunne bidra.
Foto: Nils F. Skumsvoll / NRKHan meiner tilhengarane av kraftutbygging må kommunisere ut bodskapen på ein meir forståeleg måte.
– For det første må vi jobbe meir frå dei av oss som meiner at dette er ei god kraftform. Motvind har eit fantastisk effektiv apparat om nedsida, men eg er usikker på om oppsida kjem like godt fram. Dette er jo også eit spørsmål om velstandsutviklinga skal gå vidare her i landet, seier han.
Samtidig forstår industrileiaren at det er vanskeleg å nå fram.
– Skjeringspunktet mellom kraft og natur er ikkje lett. Eg forstår at det skaper ein del kampar og frustrasjon.