Ifølgje Aftenposten er Bamble kommune dårlegast i landet til å få arbeid til flyktningar som har gjennomført introduksjonsprogrammet. Statistikken Aftenposten presenterte vi ser at berre fire prosent av flyktningane har fått seg jobb.
Leiar i flyktningetenesten i Bamble, Stig Roar Hansen, seier det er eit samansett arbeid å ta imot flyktningar og vanskeleg å måle integreringsarbeid. Han seier at statistikken i Aftenposten måler kor mange som har fått arbeid.
– Vi har satsa på andre område som grunnskole, vidaregåande skole og fagbrev, slik at flyktningar blir meir robuste for arbeidsmarknaden.
Har ført feil i statistikken
Bamble kommune har ført feil i statistikken for flyktningar som har fått seg jobb. Hansen seier det også er ein del av årsaka til at Bamble kjem dårleg ut når det gjeld å integrere flyktningar.
– Men vi kan sjølvsagt bli betre til å la dei som kjem til Bamble som flyktningar kjent med arbeidskulturen og næringslivet. Og få dei med i aktivitetar på fritida, seier Hansen.
Alle flyktningar i Bamble kjem rett i språkpraksisplassar som gjer at dei blir betre kjent med kva som blir kravd av dei i arbeidslivet.
– Vi håpar at det skal gje fleire arbeid på lengre sikt.
Satsar på utdanning
Men den vanskelege arbeidsmarknaden i Grenland er også ei utfordring. Men Hansen håpar det skal bli fleire arbeidsplassar i framtida.
– Men arbeidsmarknaden krev høg utdanning med minimum fagbrev. Det færre som får jobb som ufaglært. Difor satsar Bamble på å gje flyktningar høve til å skaffe seg utdanning.
Bamble kommune har tatt i mot om lag tusen flyktningar dei siste åra. Om lag 450 av desse er i jobb og betalar skatt. 250 er barn og ungdom.
– Mellom 50 og 60 går på sosialhjelp. Og det vil seie at vi er nede i under seks prosent som får økonomisk hjelp av kommunen, seier Hansen.
Flyktningetenesten i Bamble vil foreslå for politikarane at kommunen tar imot ti nye flyktningar, og då i første rekkje retta mot einslege mindreårige flyktningar.