Hopp til innhold

Ny president i Norges Handballforbund

På handballtinget i helga blei Kåre Geir Lio frå Tokke og Telemark valt som president i Noregs Handballforbund.

handball
Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Den nye presidenten har solide røter i Tokke, og jobbar i dag som direktør i Nordnorsk leiarutvikling i Bodø. Og han har bakgrunnen frå handballmiljøet i Junkeren i Bodø, blant anna som trenar for A-laget.

– Eg tykte det var spennande og utfordrande då eg fekk spørsmål om eg ville ta på meg vervet. Det er mange spennande oppgåver å ta fatt på. Og så er eg veldig svak for tillit og tru, seier Lio.

Han meiner Noregs Handballforbund er ein velfungerande organisasjon, og vil starte i jobben med å skaffe seg ein oversikt over forbundet.

Spela på asfaltbane på Dalen

Sjølv starta han med å spele handball på ein asfaltbane ved skulen på Dalen i Tokke kommune.

– Då spela vi mot to mål som var av tungt stål. Og eg tør ikkje tenkje på kva som hadde skjedd om dei hadde ramla over oss. Men det var veldig moro. Vi hadde eit lag, som blant anna reiste til Rjukan.

Lio meiner det er viktig å satse på breidda og aldersbestemte lag i handball.

– Å drive god breiddeidrett er samfunnsoppdraget til norsk idrett og norsk handball. Sørge for barna har ei god ungdomstid. Nokon av desse vil spele på landslag og på internasjonalt nivå i ulike klubbar, seier Lio.