Ein gjeng med femten studentar har samla seg for dagens øving i Myllargutens gammaldansorkester.
Gruppa starta opp for tre år sidan, og i februar kjem fyrste plata deira.
Nøgd med resultatet
Det er fyrste gong gruppa skal gje ut plate, og leiaren i gruppa, Frøydis Bergheim Ruud fortel at arbeidet har vore ei ny oppleving.
– Det har vore litt uvant for oss. Me har alltid hatt fokus på ha det gøy, men me har lært at det går an å ha det gøy men også vere effektiv.
Frøydis fortel at dei under arbeidet følte på at det kunne vere betre, so dei siste vekene før den siste innspeling arbeida dei målretta.
– For å bli nøgd trengde me litt ekstra øving, no er me veldig nøgde med resultatet, seier Bergheim Ruud.
Internasjonale
Av dei femten bandmedlemmane kjem fem av dei frå utlandet. Dei kjem høvesvis frå Estland, Finland, Frankrike, Canada og Sverige.
– Me har aldri vore so internasjonale før, seier Bergheim Ruud.
Dei andre medlemane kjem frå heile Noreg og representerer ni ulike fylke, frå Nord-Trøndelag i nord til Vest-Agder i sør.
På reisefot
For å få synt seg fram reiser gruppa på festivalar og speler opp til dans.
– Me reiser til ulike festivalar og set i gong og speler, so får me kanskje ei gratisovernatting, seier Frøydis.
– Dansar folk då?
– Åja, det gjer dei, me har fått ein liten fanskare innan folkemusikkmiljøet, helst i den eldre generasjonen, smiler Bergheim Ruud.
Dei får gjerne oppdrag som jam-musikarar for å dra i gong litt jam på kvelden. Det lengste nord dei har reist er Hilmarfestivalen i Steinkjer.