Mobil og breiband kan bli råka

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for Telemark og Agder om ekstreme snømengder. Store snømengder byr på utfordringar for straumtilførselen til mobilnett og breiband. Reservestraum frå batteri kan ta over på basestasjonane, men batteria varer ikkje evig. Telia har tett dialog med kraftselskapa, og har auka bemanninga på døgnopne kontrollsenter.