Hopp til innhold

Meiner kommunane bør vurdere å pålegge utleige av nye hytter

Få nordmenn leiger ut hytta. Ein fersk rapport konkluderer med at eit tiltak for å auke nordmenns tilgang til hyttedraumen, kan vere å pålegge nye hyttebyggarar å leige ut hytta. SV-politikar lukkar ikkje døra for forslaget.

Hytter i Holtardalen i Rauland

HYTTEDRAUM: Kan ein gi fleire nordmenn tilgang på hytte samtidig som det blir bygd mindre i framtida? Det har forskarar no studert.

Foto: Lorentz Berg / NRK

– Under 10 prosent har ifølge Prognosesenteret sagt at dei er innstilte på å leige ut hytta si, seier forskar Tor Arnesen ved Østlandsforskning.

Sidan nordmenn flest i utgangspunktet er lite villig til å leige ut hytta si har han hatt i oppgåve å sjå på om tilgangen til fritidsbustader kan aukast utan å auke bygginga av dei.

– Det er eit interessant spørsmål, og det har vel eigentleg ikkje vore gjenstand for den typen utgreiing, seier han.

På oppdrag frå Vestfold og Telemark fylkeskommune har han derfor utarbeidd ein rapport som ser på om det finst løysingar der folk i større grad deler på den luksusen som fritidsbustadene er.

Forsker Tor Arnesen ved Høgskulen i Innlandet; Østlandsforskning

Forskar Tor Arnesen ved Østlandsforskning har sett på om tilgangen til fritidsbustader kan aukast utan å auke hytteutbygginga.

Foto: Privat

Rapporten konkluderer med at lokale og regionale styresmakter kan gjere lite for å påverke etterspurnad etter fritidsbustader, og at tilgjengelege verkemiddel først og fremst rettar seg mot tilbodssida.

Foreslår klausul om utleige

Fleire moglege verkemiddel for å auke bruken av dagens fritidsbustader, blir lansert i rapporten frå Østlandsforskning.

– Til dømes at du kjøper ein fritidsbustad med klausul om at 20 eller 30 eller 40 prosent av tida så skal ho vere tilgjengeleg for utleige, seier Arnesen.

Rapporten peikar òg på andre moglegheiter, som å gjere det enklare å leige ut eksisterande fritidsbustader privat eller gjennom utleigefirma.

Forskaren trur noko kan vere i endring når ein yngre generasjon, som er meir delingsøkonomisk orientert, no er på veg inn i fritidsbustadmarknaden. Samtidig trur han ikkje det er nok, men at meir må gjerast viss ein ønskjer denne endringa.

– Viss ein vil dette frå politisk hald, så må det leggjast til rette for det, seier han.

– For dårleg utnytting av plassen

Leiar for hovudutval for klima, areal og plan, Ådne Naper (SV), som har bestilt rapporten, vil at fleire skal få tilgang til gode naturopplevingar utan at det går ut over naturen.

– Eg trur det er plass til ganske mange fleire overnattingsgjester i løpet av eit år enn det vi bruker i dag med dagens hyttestruktur, seier han. Han ramsar opp moglegheiter for å utvikle større formidlingstenester, ta i bruk hyttebyane og auke talet på døgn som kvar enkelt hytte som allereie eksisterer i dag, blir teken i bruk.

Ådne Naper, utvalgsleder, Klima, plan og Areal, Vestold og Telemark fylkeskommune (SV)

Leiar for hovudutval for klima, areal og plan, Ådne Naper (SV), vil at fleire skal få tilgang til gode naturopplevingar utan at det går ut over naturen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Naper viser til tidlegare rapportar som slår fast at ei hytte som eksisterer i dag berre blir brukt i gjennomsnittleg 20 døgn i året.

– Det er for dårleg utnytting av plassen, meiner han.

Kan det bli aktuelt å pålegge nye hyttebyggarar å leige ut hyttene sine?

– Frå fylkeskommunanes side er ikkje det aktuelt. Vi vil sjå på tiltak for næringsutvikling og moglegheit for kvar enkelt hytteeigar til å leige han ut, seier han utan å heilt lukke døra for tanken:

– Kommunane bør vurdere å pålegge utleige av nye hytter når dei regulerer nye område til stor hytteutbygging for å sikre maks nytte og gle av kvar einaste kvadratmeter som blir teken i bruk i kommunane, avsluttar han.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark