Hopp til innhold

Mange treng veghjelp i sommar – har hjelpt fleire tusen allereie

Fleire nordmenn har tatt hjula fatt og valt bilferie denne sommaren. Det merkar bilbergarane, som har fått hendene fulle av arbeid.

Viking hjelper en bilist med å få start på motoren.

STARTHJELP: Her får ein bil straum til å starte.

Foto: Viking

– I dag har eg hjelpt ein med startvanskar, ein som har mista hjulet, ei utforkøyring og ein motorstopp, seier Morten Fjeldstad i Viking i Vestfold.

Variasjonen i oppdrag er stor. Halvvegs inn i juli har selskapet hatt 8000 oppdrag på landsbasis, 1200 fleire enn på same tid i fjor, opplyser marknadsdirektør Sjur Jensen Bay.

Punktering er den vanlegaste årsaka til at folk treng veghjelp.

Morten Fjeldstad i Viking.

PÅ VAKT: Morten Fjeldstad hjelper turistar på vegane i sommar.

Foto: Privat

Feilfylling

– Vi har òg dei tradisjonelle sommarproblema, som nøklar som er låste inne i bilen og feilfylling, som i fjor hadde ein liten nedgang. I år er dette på full fart oppover igjen, seier Bay.

Ifølgje han er det fleire som feilfyller fordi dei køyrer ein lånt bil dei ikkje er vant til, og når dei fyller på bensinstasjonar dei ikkje vanlegvis brukar.

Ifølgje NAF gjeld det å halde hovudet kaldt dersom du feilfyller, sidan reparasjonar kan vere svært kostbare.

Bilen må nemleg ikkje startast, ikkje eingong for å flytte den bort frå pumpene. NAF tilrår å skru på tenninga med nøkkel eller startknapp, slik at rattlåsen blir skrudd av, for så å dytte bilen vekk frå pumpa.

Lite turistar frå utlandet

Også i Telemark har bilbergarane mykje å gjere.

Dag Erik Lie i Vinje bilberging seier at trafikkmengda har auka og at det er tydeleg at nordmenn ferierer i eige land.

– Den store forskjellen er at utlendingane ikkje er på ferie i Noreg i år.

Varsle via app

Kommunikasjonsrådgivar Ingunn Handagard i NAF seier det i juni var fleire saker enn i fjor.

– Det går stort sett i same type saker som elles i året, starthjelp, tauing eller ulike årsaker til stopp der vi kan fikse feilen på staden, seier Handagard.

I år får NAF fleire oppdrag via app, slik at det blir enklare å be om hjelp.

– Der vi automatisk får opp registreringsnummer, posisjon og alt slikt på førehand, seier ho.

To tips

Morten Fjeldstad har eit par tips til deg som skal ut å køyre i ferien.

– For det første ville eg tenkt på at bilen skal vere i orden. At det er teke ein service på han.

– Og legg inn litt ekstra tid. Vi merkar fort at folk blir litt stressa, og det er ikkje bra når ein er langs vegen. Ein må ha litt tid og ein god tone i bilen. Viss det er korte lunter i bilen, som det kan bli, er det inga god stemning, for å seie det sånn.