Hopp til innhold

Ljospære erstattar OL-elden i Morgedal

Den levande OL-elden ved Norsk Skieventyr i Morgedal er sløkt, og erstatta av ei ljospære. Det blir for dyrt å drifte elden med gass, seier Tarjei Gjelstad ved Norsk Skieventyr.

OL-ilden i Morgedal

Elden i Morgedalstjønni er sløkt, og erstatta av ei ljospære.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

OL-elden ved Norsk Skieventyr har vore eit landemerka sidan prinsesse Märtha Louise tok elden ut frå stova til Sondre Norheim på Øvrebø i Morgedal hausten 1993. Fakkelen gjekk landet rundt, før Kronprins Håkon tende elden frå Morgedal under opninga av OL på Lillehammer i 1994.

Statoil har sponsa den symbolske OL-elden ved Norsk Skieventyr i snart 20 år, skriv Vest-Telemark Blad. Men no seier statsselskapet nei.

Tek vare på symbolet

Tarjei Gjelstad

Det blir for dyrt for Norsk Skieventyr å drifte ein levande eld, seier dagleg leiar Tarjei Gjelstad.

Foto: Privat

– Det kostar rundt 50.000 kroner i året å drifte elden, og det blir for dyrt når Norsk Skieventyr og Kviteseid kommune står åleine i spleiselaget, seier Tarjei Gjelstad.

– Men er det ikkje stussleg når ein levande eld blir erstatta av ei ljospære?

– Ein levande eld og ei ljospære er ulike. Men pæra lyser fint, og symbolet står der.

Les også:

Tida for elden over

Tidlegare styremedlem i Norsk Skieventyr og OL-historikar Halvor Kleppen forstår avgjerda om sløkke elden.

– Signaleffekten i Norsk Skieventyr ligg meir i skisoga enn i elden. Men hadde det vore opp til meg ville eg også kutta ljospæra. Truleg ville det vore ein betre ide å lage eit fakkelsymbol ved skieventyret, seier Halvor Kleppen.

Sponsor kan ta elden attende

Sjølv om det gamle symbolet frå fakkelstafetten før OL på Lillehammer er sløkt, kan Norsk Skieventyr kome til å snu.

– Sentrum i Morgedal skal rustast opp, og det er ikkje aktuelt å ta tilbake den høge gasstanken bak eit gjerde i stål sentralt i bygda. Men dersom det melder seg ein sponsor som vil ta kostnaden med å grave ned anlegget, kan det vere at den levande elden kjem tilbake, seier Tarje Gjelstad, som er godt nøgd med lyspæra.

– Det har kome få reaksjonar på endringa, og det syner kan hende at tida for ein levande eld i Morgedal er over, seier Tarjei Gjelstad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark