Hopp til innhold

Fortvilar over manglande inntekter

Nome kommune fekk ei lite hyggeleg overrasking frå styresmaktene. Nå klarar dei ikkje lage budsjett.

Nome kommune

Nome kommune mistar 8,2 millionar kroner i tilskot. Dramatisk for kommunen, seier rådmannen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nome kommune får 8,2 millionar kroner mindre i tilskot frå staten neste år. Det fører til at dei ikkje klarer å lage eit vetugt budsjett.

– Situasjonen er svært alvorleg, seier rådmann i Nome, Bjørn G. Andersen.

– Vi klarer ikkje å kutte så mykje som vi må i 2015. Vi har ikkje tid til å gjennomføre kutta, seier Andersen.

Han seier mangelen på tilskot var uventa, og at signala frå styresmaktene var at manglande tilskot skulle kompenseras med lågare arbeidsgivaravgift, slik at den totale rekneskapen kom ut i null.

Det som har skjedd er at i tillegg til at det statlege tilskotet, forsvinn også tilskotet frå Fylkesmannen. Det får dramatiske konsekvensar i Nome, og situasjonen er den same i Hjartdal og Drangedal, skriv fylkesavisene.

Folk kan bli sagt opp

I budsjettet for neste år, har Nome kommune alt kutta seks millionar kroner. Om det må kuttas 8,2 millionar til, er det fare for at folk mister jobben, seier rådmannen.

– 8,2 millionar svarar til om lag 15 årsverk. Men mykje av kutta skjer i tenesteproduksjonen, så det er framleis ikkje klart om, og eventuelt kor mange, årsverk som blir borte.

Rådmannen seier heile kommunen vil verte påverka av kutta.

– Det vil gå ut over alle tenestene kommunen tilbyr. Også eldreomsorga, der vi meiner det ikkje er rom for å kutte meir enn vi alt har gjort, seier Andersen.

Fryktar Robek-lista

Ordførar Bjørg Tveito Lundefaret seier til fylkesavisene at ho fryktar Nome kommune hamnar på Robek-lista. Det er ei uro rådmannen deler.

– Vi kjem til å gå med underskot om kutta blir ein realitet, og da hamnar me på Robek-lista ganske raskt, seier Andersen.

På landsbasis er det 20 kommunar som opplever dramatisk tilskotssvikt. Andersen håpar at forhandlingane om statsbudsjettet mellom regjeringa og Venstre og KrF, kan vere med på å hjelpe kommunen ut av den håplause situasjonen.

– Politikarane i kommunen har kontakta både Fylkesmannen og Stortinget. Eg kan ikkje sjå for meg noko ana enn at politikarane sentralt grip inn og rettar opp situasjonen. Det er nøydd til å skje noko, avsluttar rådmannen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark