Hopp til innhold

– Formidabel musikkformidling

Ein opplagt og stolt mesterspelemann, Hauk Buen, fekk mykje heider på Telemarkfestivalen i Bø i helga.

Hauk Buen

Hauk Buen (77) blei heidra med æreskonsert og ny cd under Telemarkfestivalen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Hardingfelespelemannen Hauk Buen (77) blei heidra med konsert og ny plate under Telemarkfestivalen i Bø i helga.

Buen bur i Jondalen i Buskerud, men har det meste av slåttetilfanget frå Telemark.

Han har spela i inn- og utland med mange av våre største musikarar, men er beskjeden og stillfarande. Buen måtte likevel innrømme at det var moro å bli gjort stas på.

Hør lydklipp og intervju her:

– Meir intensitet før

– Det er moro bli gjort stas på, og det er moro å formidle det ein står for, nemleg slåttemusikken, på gamalt vis, sier Buen til NRK.

Den nye cd-en som blei presentert på Telemarkfestivalen heiter Meisterspel, og inneheld 26 slåttar som blei spela inn ei natt på Høvikodden i 1987.

– Det var meir intensitet i musikken den gong. Eg er nå 77 år, og det har jo litt å seie. Men det får ein til å berre ville fortsette og fortsette. Det er moro å høyre det att, seier Buen om det å høyre dei gamle opptaka.

– Heilt spesielt

Hallvard Bjørgum

Spelemann, og produsent for den nye cd-en, Hallvard Bjørgum, meiner Hauk Buen er heilt spesiell.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Hallvard Bjørgum er produsent for den nye cd-en. Han fortel at han tok fram dei gamle slåttane når det blei klart at Telemarkfestivalen ville holde ein æreskonsert for Buen.

– Det spesielle med Hauk Buen er musikkformidlinga hans. På det beste er den formidabel, det er heilt spesielt. Den slår gjennom i utlandet også, fortel Bjørgum, som håpar at den nye plateutgjevinga vil inspirere andre.

– Ein kan håpe på at desse utgevingane vil bidra til at musikken vil glede mange. Og at mange andre spelemenn tek det som mønster for eigne framføringar, seier Bjørgum.

I kø for å heidre Buen

På scena under æreskonserten stod kjente musikarar i kø for å heidre Hauk Buen.

Hardingfelespelarane Per Anders Buen Garnås, Jon Bondal, Hallvard Bjørgum og broren Knut Buen.

Sigmund Groven, som blant anna har turnert med Buen i USA, deltok på konserten saman med sin pianist Ivar Anton Wågård.