Det er godt drikkevann i Kviteseid.
Det er klart etter at Kviteseid på kom på delt andreplass i konkurranse med 18 vassverk frå Vestfold til Vestlandet.
På første plass i denne semifinalen kom Larvik vassverk Gobledal. Kviteseid kom på delt andreplass saman med Vestfold interkommunale vassverk. Finalen er 6. mai på Lillestrøm.
I Stavanger konkurrerte tre vassverk frå Buskerud/Vestfold, tre frå Telemark, fire frå Vest-Agder, tre frå Rogaland og fem frå Hordaland om å levere det beste drikkevatnet i regionen.
2003 er FN sitt ferskvassår
Konkurransen fokuserer på lukt og smak. Dette vil vere avgjerande for plasseringa, og på denne måten vil det blir sterkare fokus på interessene til forbrukarane.
Vatn er det viktigaste næringsmiddelet for menneska. Men forbrukarane er sjelden klar over den høge kvaliteten det er på vatn frå norske vassverk.
Vatn frå norske vassverk kostar mindre enn 1/1000 av flaskevatn - fritt levert!
Noreg er eit av verdas fire rikaste på vatn, ifølgje britiske forskarar. 2003 er også FN sitt ferskvassår.
Vatnet blir bedømt av eit smakspanel som består av representanter frå Vinmonopolet, Tidsskriftet Aperitif og Næringsmiddelindustrien.