– Me øydelegg for oss sjølv med dårleg forsvarsspel i starten av andre omgang, seier gjerpenspelar Dorthe Groa, etter at Gjerpen tapte 22–19 for Tertnes.
Kampen som vart spelt i Skienshallen i kveld markerte at Gjerpen var tilbake på det høgaste nivået i norsk handball. Diverre vart ikkje resultatet heilt som ein hadde håpa, men det vart likevel spennande mot slutten.
– Me kjem oss litt mot slutten av andre omgang, og det er ein lengre periode der kor dei ikkje scorar mål på oss i det heile tatt, seier Groa.
– Må like smerte
– Me syner jo at me har moral og ferdigheiter i laget når me avsluttar så sterkt på slutten. Det er på det nivået me må spele heile kampen igjennom framover, seier trenar Ketil Arntzen.
Gerpen skal verkeleg få testa seg i dei neste fire kampane. Blant anna møter dei Larvik på bortebane den 2. oktober.
– Me må berre kome oss opp til nivået som krevst. Det kjem til å bli tungt, men ein må berre ønske den smerta velkommen, seier Arntzen.