Hopp til innhold

Gjenåpner stupbratt utforløype: – Vel så bra som målhenget i Kitzbühel

Krigen sette ein stoppar for planane om Ski-VM i Gaustaløypa i 1940. Nå ser ein av Europas råaste offpist-løyper dagens lys.

Det går stupbratt opp mot Telemarks høgaste fjell, Gaustatoppen.

Det betyr også at det går fort nedover. Ikkje minst om du har ski på beina.

Med motorsag og gamle kart som avgjerande hjelpemiddel, har ivrige entusiastar brukt all si fritid på å opne opp den gamle løypa.

DNT TelemarkGaustatoppen turisthytte i snøGaustabanen

Telemarks høgaste fjell, Gaustatoppen. Her starter løypa.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Nå kan skikøyrarar med sans for laussnø, fart og spenning nyte godt av innsatsen i historietunge omgivnader.

Med eit gjennomsnittleg fall på 35 prosent, er Gausta-løypa brattare enn legendariske Kitzbühel. Der er talet 27.

Geir Kvalsvik, ein av fleire frivillige som har jobba fysisk med den gamle løypa.

Geir Kvalsvik, ein av fleire frivillige som har jobba fysisk med den gamle løypa.

Foto: Håkon Lie / NRK

– Eg veit ikkje om nokon andre stader i Skandinavia som har ein sånn høgdeforskjell, seier Geir Kvalsvik, ein av fleire frivillige som har jobba fysisk med den gamle løypa.

Adolf Hitler øydela VM-planane

Under den internasjonale skikongressen i Helsingfors i 1938, vedtok FIS å tildele VM på ski til Noreg i 1940.

Noregs skiforbund bestemte like etter at dei alpine greinene skulle leggast til Rjukan, mens resten av arrangementet skulle gjennomførast ved Holmenkollen i Oslo.

Dermed blei det rydda plass til den stupbratte Gaustaløypa, som blei offisielt opna den 8. januar 1939.

Planane om VM gjekk likevel i vasken. Den andre verdskrigen gjorde det umogleg å gjennomføre arrangementet.

Løypa blei likevel brukt til fleire større arrangement i stordomstida si.

I staden for VM blei Telemarksrennene i utfor og slalåm arrangert i området den 25. og 26. februar 1940. Vel ein månad seinare gjekk Adolf Hitler til angrep på Noreg.

Etter slutten av krigen blei det arrangert NM i utfor og slalåm i Gaustaløypa i mars 1946.

Bjørn Helge Malkomsen.

Bjørn Helge Malkomsen, primus motor for Gaustaløypa.

Foto: Håkon Lie / NRK

– Det var det største arrangementet som blei arrangert i denne løypa, seier Bjørn Helge Malkomsen. Han er pådrivar og primus motor for prosjektet.

Også i 1961 blei det arrangert NM, men deretter blei løypa gløymd og grodde gjennom åra heilt igjen.

Måtte leitast fram

Bjørn Helge Malkolmsen, som sjølv deltok i NM 1961, begynte å dørmme om ei gjenopning allereie tilbake på 80-talet.

Den gong starta han eit forprosjekt.

Så blei planane lagde på is, men dei siste åra har han starta på jobben igjen.

Saman med fleire andre entusiastar har han sørgt for å fjerne kratt og tre. Finlese kart og lest seg opp på gamle notat.

Dypt inne i skogen fant dugnadsgjengen tegn på at de var på sporet av Gausta-løypa.

Dette gamle skiltet er et av mange teikn som viste entusiastane at de var på rett spor.

Foto: Privat

Når løypa nå kan opnast igjen, blir han rørt.

– Ein blir jo det. Men moro er det. Vi gleder oss til å få køyrt i laussnøen nedover her, seier han.

– Nedre del av traseen er vel så bra som målhenget i Kitzbühel, påstår entusiasten.

Dugnadsgjengen har måtta leite fram gamle spor og studert kart for å finne løypa.

– Eg hadde aldri gått der før. Det var tett skog overalt. Etter kvart fann vi eit gammalt skilt midt inni skogen, fortel Kvalsvik entusiastisk.

Brukar Gaustabanen som skiheis

Målet er ikkje lenger å få VM til Rjukan, men å vise fram det dei meiner blir ein av dei råaste offpist-løypene i Skandinavia.

Gaustaløypa

Nå kan skikøyrarar med sans for laussnø, fart og spenning nyte godt av innsatsen i historietunge omgivnader.

Foto: Privat

– Du kan ta Gaustabanen opp til øvste stasjon og starte der, anbefaler Kvalsvik, som sjølv har køyrt løypa.

– Om du startar i den såkalla «renne nummer 1» 1850 meter over havet, og køyrer heilt ned til 250, så har du nøyaktig 1600 høgdemeter.