Inger Marit Osland logga seg inn på pc-en ein dag, og straks etter blei ho oppringt frå nokon som sa dei representerte Windows.
Dei ville hjelpe henne mot eit angrep på PC-en som dei såg skjedde der og då.
– Ein mann som snakka gebrokkent engelsk fortalde at han skulle hjelpe meg å bli kvitt eit virus som var på veg inn i maskina mi.
- Les også:
- Les også:
Ugler i mosen
– Mannen i telefonen sa dei kunne stanse viruset før det øydela heile maskina. Han bad meg trykke på nokre tastar.
Inger Marit Osland vurderar å anmelde svindelforsøket.
Foto: Anne Lognvik / NRKMen Inger Marit blei uroleg. Mannen blei meir og meir aggressiv, og til slutt la ho på. Men dei heldt fram å ringe.
– Sonen min sa eg måtte ringe banken. Eg hadde ei veldig god samtale med ein i banken som roa meg ned, og sa det var lite truleg at dei hadde klara å gjennomføre noko. Dei rådde meg likevel til å vere på vakt.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Straffast sjeldan økonomisk
I Sparebank1 Telemark er dei godt kjent med problemet. Viseadministrerande banksjef Preben Prebensen seier at svindlarane er utruleg kreative, men bankane har fokus på problemet.
– Det blir gjort utruleg mange forsøk. Dei prøvar seg på mange ulike variantar av svindel. Den siste varianten vi nå har sett dukka opp i sommar, fortel Prebensen.
Og viss du ikkje har lagt koden og kortet i same lommeboka, eller på andre måtar vore uforsiktig, så skal du ikkje straffast økonomisk.
– Det kjem an på om du har utvist aktløyse. Stort sett dekker bankane tilfella når folk er utsette for svindel.
Inger Marit Osland klarer ikkje å slappe heilt av, for ho veit kor enkelt svindlarane braut seg inn i hennar pc.
Nettoperatøren legg no inn ein ekstra brannmur for henne, og Osland vurderer å melde saka til politiet.
For infiserte PC-er vil Sparebank1s nettbank få fleire felt i første innloggingsvindu. Rådet frå bankane er å halde seg unna nettbanken dersom noe er litt annleis enn vanleg, for da kan datamaskinen ha viruset.
Foto: Sparebank1 (skjermdump)