Hopp til innhold

– Kommunen har andre ting å bruke pengar på

Det kan bli for dyrt og komplisert å dekke til miljøutslepp i ein av Noregs med forureina fjordar.

Gunneklevfjorden

Det kan bli for dyrt og komplisert å dekke til miljøgiftene i delar av Gunneklevfjorden med steinmasse for å få meir næringsareal. Biletet viser området ved Jernbanedrift som er fylt allereie.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Formannskapet i Porsgrunn meiner det kan bli for dyrt og komplisert å fylle ut delar av Gunneklevfjorden med steinmasse for å skaffe meir næringsareal til Herøya Industripark.

Kommunen har fått lov av Miljødirektoratet til å bruke steinmasse frå jernbaneutbygginga til å dekke over miljøgiftene i den sterkt forureina fjorden. Men formannskapet meiner krava er for strenge.

Les også:

Ordførar Øystein Beyer seier at kommunen no vil gå gjennom krava frå Miljødirektoratet, som blant anna går ut på at sjøbotnen i Gunneklevfjorden må dekkast til med eit sandlag, før det blir fylt på med steinmasse.

Øystein Beyer.

Ordførar i Porsgrunn Øystein Beyer.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Det er ein heilt annan metode enn den som blei bruka for utfylling av næringsområdet der Jernbanedrift held til, seier Beyer.

Beyer meiner den metoden som Miljødirektoratet har godkjent er både dyrare og meir komplisert enn det kommunen har søkt om å få bruke.

Det gjer prosjektet unødvendig dyrt og komplisert, seier Beyer.

Det betyr at prosjektet med å bruke steinmasse frå tunnelbygginga på jernbanen mellom Porsgrunn og Larvik kan bli skrinlagt.

Er glad for løyvet

Men ordføraren er glad for at kommunen har fått løyve av Miljødirektoratet til å fylle ut Gunneklevfjorden for å skaffe meir næringsareal til Herøya Industrispark.

No skal kommunen gå gjennom dei nye krava med konsulentar og med Norsk Hydro for å finne ut om det lar seg gjennomføre.

Norsk Hydro er eigar av miljøsyndene som ligg på sjøbotnen. Kommunen skal bidra med steinmasse og dersom prosjektet blir utsett, kan det også bli aktuelt å bruke steinmasse frå den planlagte E18 utbygginga.

Hydro har eit ansvar, og det har også kommunen, seier Beyer.

Les også:

Men så lenge det ikkje er klart kva kostnaden blir med dei nye krava frå Miljødirektoratet inneber, så tør ikkje Beyer love noko.

Marit Ruge Bjærke

Seksjonssjef i Miljødirektoratet Marit Ruge Bjærke.

Foto: John Petter Reinertsen

Kommunen har også mange andre ting å bruke pengar på, seier Beyer.

Han ser likevel på utfylling av Gunneklevfjorden som eit spennande næringsprosjekt med tanke på det som skjer på Herøya Industripark.

Kommunen kan klage

Seksjonssjef i Miljødirektoratet Marit Ruge Bjærke seier at kommunen er pålagt å fylle eit lag med finkorna masse før det blir fylt ut med steinmasse for å unngå at det blir virvla opp miljøgifter frå sjøbotnen.

Vi ønskjer at steinmassen skal falle ned på noe reint i området der det skal fyllast ut for å unngå dette, seier Ruge Bjærke.

Det er friviljug for Porsgrunn kommune om dei vil ta i bruk løyve dei har fått frå Miljødirektoratet om å fylle ut delar av Gunneklevfjorden for å skaffe meir næringsareal til Herøya Industripark.

Kommunen har tre veker på seg om dei vil klage på løyvet som er gitt, seier Ruge Bjærke.

Miljødirektoratet har også varsla om at Norsk Hydro kan få pålegg om å lage ein tiltaksplan for å sikre miljøgiftene i resten av Gunneklevfjorden.

Les også:

Over halvparten av Gunneklevfjorden blir jo ikkje fylt igjen med steinmasse, seier Ruge Bjærke.

Her lan du lese meir om miljøstatusen i norske fjordar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark