Ein rapport frå Norsk Sjukepleiarforbund viser at rettleiinga sjukepleiarstudentar får når dei er i praksis, er for dårleg. Studentrådsleiar ved USN, Karoline Lie, seier at både studentar og rettleiarar er frustrerte fordi praksisen er for dårleg tilrettelagt.