Hopp til innhold

Mistanke om fugleinfluensa etter funn av fleire døde fuglar: – Ubehageleg

Det er funne fleire døde duer og svaner i Skien dei siste dagane. Fuglane er sendt inn til Mattilsynet for å bli undersøkt.

Døde duer i Skien.

GØYMER SEG BORT: Kommunen har funne fleire døde duer på taket av bygningar i Skien sentrum.

Foto: Eigil Movik

Mattilsynet bekreftar overfor NRK at det er mistanke om fugleinfluensa, Newcastlesyke eller ein anna smittsam sjukdom.

Totalt er det til nå funne 25 døde duer og fire døde svaner i løpet av den siste veka.

Fekk fleire meldingar

– Eg har henta inn fleire døde fuglar berre i dag, fortel Eigil Movik. Han er Viltforvaltar ved Grenland landbrukskontor.

Dei siste dagane har Skien kommune fått inn ei rekkje meldingar om funn av døde fuglar. Og Movik trur det vil bli oppdaga fleire døde fuglar.

Eigil Movik, Skien kommune

Eigil Movik, viltforvaltar ved Grenland landbrukskontor, med ei død due som er pakka inn for å hindre smitte.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han ber publikum om å ikkje røre døde fuglar sjølv, men melde ifrå, slik at viltforvaltninga eller Mattilsynet kan handtere desse på ein trygg måte. Dette for å unngå spreiing av mogleg smitte.

Ei død svane vart fjerna av uvedkomande før folka frå kommunen kom til staden torsdag, noko Movik ber folk om å unngå.

– Det er uheldig om døde fuglar blir brukte til åte eller liknande. Det kan føre til spreiing av smitte, seier han.

Eit fellestrekk for dei døde duene er at dei har gøymt seg i holrom, fortel han.

– Det kan verke som dei har prøvd å stikke seg bort for å vere i fred, seier Movik, som ser på saka som svært uvanleg.

– Dette er ikkje noko eg har opplevd så lenge eg har jobba med viltforvaltning, seier han til NRK.

Kommunen har jamleg mannskap ute for å sjå om det kan finnast fleire døde fuglar liggjande rundt.

Fann død svane i elva

Nina Løvli Bjørnstad frå Skien var ute og gjekk tur då ho kom over ei død svane torsdag ettermiddag.

– Det var spesielt å sjå han. Den låg der som om han hadde sovna inn med hovudet under vingen, fortel ho.

Død svane i Skien.
Foto: Nina Løvli Bjørnstad

Sjølv har ho lite greie på fuglar, men håpar styresmaktene finn ut av kva som er årsaka.

– Det er jo ubehageleg om det er mange som døyr, seier ho til NRK.

Sendar prøver til analyse

Mattilsynet har teke prøver av dei døde fuglane. Dei er sendt inn til analyse hos Veterinærinstituttet, i håp om å finne svar på kva som er årsaka til at så mange fuglar døyr i same område.

Pia Paulsen

Pia Paulsen, seniorrådgivar ved Mattilsynet si avdeling i Telemark.

Foto: Lars Tore Endresen

– Vi får nok svar på dette i løpet av neste veke, opplyser Pia Paulsen. Ho er seniorrådgivar ved Mattilsynets avdeling Telemark.

Paulsen stadfestar at dei mistenkjer ei form for fugleinfluensa eller at det kan komme av såkalla Newcastlesyke.

Det er rekna som låg fare for smitte til menneske.

Fugleinfluensa påvist i Oslo

Tidlegare i denne veka melde NTB at Veterinærinstituttet har påvist ei alvorleg form for fugleinfluensa hos tre svaner som har opphalde seg ved Frognerkilen i Oslo og Holmen i Asker.

Det er den mest alvorlege typen av fugleinfluensa, høgpatogen aviær influensa, som er påvist, opplyste Veterinærinstituttet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark