Det internasjonalt kjente arkitektfirmaet Snøhetta med kontor i Oslo og New York, er mellom anna kjent for å ha teikna biblioteket i Aleksandria i Egypt og Operaen i Bjørvika i Oslo.
Pen trapp
– Målet er at laksetrappa skal stå fram som eit positivt element i bybildet i sentrum av byen, seier Tor Arnesen i Skien kommune. Snøhetta vann arkitektkonkurransen for utforminga av laksetrappa. Snøhetta har også teikna Morildsprosjektet som lyser opp i elva i Skien. Kommunen vil bidra med fire millionar kroner.
– Denne laksetrappa blir bra for laksen, ørreten og ålen i vassdraget, seier Arnesen.
Det er Dag Natedal i Grenland Sportsfiskere enige i.
– Det er på høg tid at det kjem ei ny laksetrapp.
Lite laks
I år har det bare gått opp 30 laks i den gamle laksetrappa i Møllefossen i sentrum av Skien, mens det tidlegare år har vore opp til 500 laks som har passert fossen for å gyte lenger opp i elva. Den nye laksetrappa blir også viktig for å stenge oppdrettslaksen ute frå vassdraget. For oppdrettslaksen klarar ikkje å gå opp ei trapp med stri vassføring.
Skiensvassdraget er eit av dei mest reguleringspåverka vassdraga i landet, med 37 kraftverk og 52 reguleringsmagasin. Dei mange utbyggingane har ført til dårlegare vilkår for laksen, og for å kompensere for det er det bygt laksetrapper.
Enkel veg
Direktoratet for naturforvalting bidrar med 1,5 millionar kroner. Øyvind Walsø seier at direktoratet ikkje er så opptatt av korleis trappa ser ut.
– For oss er det viktig at det også blir lagt til rette for at den rødlista ålen skal kunne gå opp i elva for å gyte. At laksen får en enkel veg opp i elva for å gyte, og at smolten (lakseyngelen) får ein enkel veg ut i sjøen igjen.
Nå håpar kommunen og direktoratet at kraftverkseigarane i vassdraget skal bidra med fullfinansiering av prosjektet. Då må dei bidra med 4,5 millionar kroner, og det blir klart i haust. Då kan spaden settast i jorda og laksestrappa stå ferdig sommaren 2012.
– Det er naturleg at kraftverka kjem med eit bidrag i forhold verdiskapinga i vassdraget, seier Nicolay Østhus i Øst Telemark brukseierforening.