Medan eit fleirtal i folket seier nei, ynskjer dei aktive eit nytt OL i Noreg.

Stortalentet Ånund Lid Byggland konkurrerer for Thomas Alsgaard sitt lag Team LeasePlan Go.
Det syner ei rundspørjing NRK har gjort mellom idrettstoppar i Telemark.
I 2022 vil langrennsløparen Ånund Lidt Byggland frå Høydalsmo vere 32 år.
– Det er ein perfekt alder for ein langrennsløpar. Det er eit stort mål å representere Noreg i OL på heimebane, seier telemarkingen, som har sølv frå NM som eit førebels karriere- høgdepunkt.
Les også:
– Sotsji var fantastisk
Klubbkamerat og dobbelt medaljevinnar Magnus Krog ser tilbake på OL i Sotsji med glede.
– Arrangementet var fantastisk. Noreg bør heilt klart søke om OL i 2022, meiner 27-åringen.
– Men forstår du at folk er kritiske til kostnadane?
– Sjølvsagt. Men i motsetnad til Sotsji treng ikkje Oslo å bygge alt nytt. Mange av anlegga som alt står der kan brukast i 2022. Det er ei mistyding å tru at idretten utviklar seg så snøgt at alt må vere nytt til OL, seier kombinertløparen med laggull og ei individuell bronsemedalje frå Sotsji.

Magnus Krog (nummer tre frå venstre, vann olympisk gull saman med Magnus Moan, Håvard Klemetsen og Jørgen Graabak.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixI 2022 vil 27-åringen vere 35 år.
– Det er ingen alder for ein kombinertløpar. Berre sjå på Håvard Klemetsen. Det er eit stort mål å avslutte karrieren med ei medalje i Oslo i 2022.
Dobbelt sølvvinnar i tvil
Knut Tore Apeland frå Idrettslaget Rein tok sølv både i OL i Albertville i 1992, og på Lillehammer to år seinare. Han forstår godt at dei aktive ynskjer seg eit nytt OL i Noreg.

Knut Tore Apeland har olympisk sølv frå OL i Albertville i 1992, og frå Lillehammer to år seinare.
Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK– Det er ingen konkurransar som kan måle seg med den festen eg fekk vere med på i 1994. OL på Lillehammer var ein folkefest for publikum, men mogeleg endå meir for utøvarane, seier kombinert-esset, som i tillegg til to lagsølv frå OL fekk med seg ei individuell sølvmedalje frå VM i 1993 i den aktive karrieren.
Men den tidlegare kombinertløparen ser og problem med eit nytt OL.
– Kostnadane er store, og all røynsle syner at pengebruken akselererer dess nærare meisterskapen kjem. Ei stor offentleg satsing på anlegg og infrastruktur i Oslo vil føre til færre investeringar i andre deler av landet.
Kritisk til IOC-kultur
Den tidlegare kombinertløparen, som i dag driv eige firma som byggmeister i Haukeli, er og kritisk til den kulturen deler av IOC står for.
– Skuldingar om korrupsjon og eit levesett langt frå det livet folk flest kjenner, er opplagt eit problem for dei som ynskjer eit nytt OL i Noreg, meiner kombinertløparen med sølv i tre strake meisterskap.




