Hopp til innhold

Drapssikta drog frå institusjon – politiet ble ikkje varsla

Institusjonen der den sikta mannen i drapssaka i Skien var innlagt, hadde ikkje fått beskjed av politiet om å varsle viss han reiste derfrå.

Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter seier til TA at dette var ein glipp intern hos politiet.

Mannen i 20-åra var etterlyst da han blei arrestert for drapet på Heidi Flood i Skien i førre veke. Bunkholt Sæter seier til avisa at det er veldig uheldig at beskjeden ikkje kom fram til politiet, og at de skal sjå på rutinane sine.

Heidi Flood blei funnen drepen i sin eigen heim tysdag 4. oktober. Ei kvinne i 40-åra er også sikta i saka. Kvinna og mannen i 20-åra er siktet for drap eller medverking til drap, og begge er varetektsfengsla.

Politibil i området der kvinnen ble funnet
Foto: Lorentz Berg / NRK