Camilla Maria Brekke inn på Stortinget
Camilla Maria Brekke frå Holmestrand rykkjer inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet etter at Truls Vasvik blir statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet.
Brekke er vararepresentant og blir fast møtande stortingsrepresentant frå 22. mai til oktober, medan Vasvik er i regjering.
– Eg kan trygt seie at ærefrykta er til stades. Det blir eit stort ansvar å representere Vestfold på Stortinget, men eg gler meg allereie, skriv Brekke i eit innlegg på Facebook.
Ho skriv vidare at med ansvar kjem også moglegheiter. Dei vil ho bruke til å løfte viktige saker for vår generasjon.
– Det er oss unge som skal leve lengst, og byggje landet vidare, skriv Brekke.
Ho får plass i helse- og omsorgskomiteen, og der vil regjeringa sin opptrappingsplan for psykisk helse bli ein av dei viktigaste sakene denne våren.