
Norman Aanesland, NLH
Fyresdal har reklamert i Nederland, Belgia og Tyskland etter folk som vil flytte til kommunen. Det er nederlendaren Gert Rietman som har fått i oppdrag å marknadsføre kommunen i utlandet for å auke folketalet.
Men professor Norman Aanesland ved Norges Landbrukshøgskole på Ås trur ikkje marknadsføringa av Fyresdal vil lokke folke til å flytte til kommunen. Årsaka er at Fyresdal har buplikt på småbruk og heilårsbustader.
Skal ha førsteretten
Aanesland seier til Aftenposten folk ikkje ønskjer å tape pengar på at ein heilårsbustad ikkje kan seljast som fritidsbustad i Fyresdal.
Han trur at folk som flyttar til Fyresdal vil bli lurt fordi dei ikkje skjønar logikken i buplikta.
Ordførar i Fyresdal Saamund Gjersund avviser at kommunen vil lure folk, og seier at dei vil forklare buplikta for dei som vil kjøpe hus.
- Det er ikkje hemmeleg at vi har buplikt. Det har vi valt fordi vi meiner det er best for kommunen, og fordi vi meiner dei som bur her skal ha førsteretten til å kjøpe småbruka og bustadane i kommunen, seier Gjersund.