Christen Knudsen
Det betyr at 50 tilsette misser jobben etter at selskapet har valt å selje den keramiske produksjonen til eit fransk firma.
- Det er ei vanskeleg tid, seier klubbleiar ved fabrikken Arvo Valtila.
Han seier folk er fortvila fordi dei ikkje har noko arbeid å gå til.
- Dei siste vekene har det vore mange innom klubbkontoret på bedrifta. Folk er fortvila fordi dei misser jobben, og fordi dei føler seg lite verdsatt av bedrifta, seier Valtila.
Tillitsvalte på Borgestad. Jan Erik Andersen (t.v.), Arvo Valtila og Terje Vollen.
Forstår dei tilsette
Skipsreiar Christen Knudsen seier at han forstår dei tilsette, og at også han er skuffa over at Borgestad Fabrikker blir lagt ned.
- Bedrifta har bruka 30 millionar kroner sidan 1999 utan å ha klart å skape lønsame arbeidsplassar. Då må nokon ta den sure avgjerda og seie frå om dette ikkje går lenger, seier Knudsen.