Hopp til innhold

Avisbod blir sagt opp når færre les aviser

BREVIK/SKIEN (NRK): Fallande avisopplag fører til at fleire avisbod mister jobben. I Telemark er det i første omgang avisboda i Grenland og på Notodden som blir råka.

De første avisbudene i Telemark mister jobben

Avisbod Stine Janet Gravdal leverer aviser i postkassene i Brevik. Foto: Øystein Økter

Dei står opp klokka halv tre på natt for å gå med avisene, og legg ikkje skjul på at bunken med aviser har blitt tynnare med åra.

Stine Janet Gravdal

Stine Janet Gravdal går med aviser.

Foto: Øystein Økter / NRK

I åtte år har avisbod Stine Janet Gravdal stått opp om natta for å gå med avisene. Ho legg ikkje skjul på at bunken med aviser har blitt tynnare med årene.

– Eg synest jobben er veldig ålreit. For eg veit folk blir glade for å få avisa i postkassa. Og du ser sola som står opp og månen som skin, seier Gravdal.

Les også: Avisbudene må levere mer reklame

Må seie opp tilsette

Det er nedgangen i avisopplaget som er hovudårsaka til at Telemark Distribusjon må seie opp tilsette. Ein prosess som alt har starta.

– Distribusjon av aviser er den største inntektskjelda vår, sjølv om vi har forsøkt å supplere med andre inntekter frå reklame og blad, seier Synnøve Lund, dagleg leiar i Telemark Distribusjon.

Les også: Avisbud: – Den verste dagen på 11 år

Fleire les aviser på nett

Synnøve Lund, dagleg leiar i Telemark Distribusjon

Synnøve Lund i Telemark Distribusjon.

Foto: Øystein Økter / NRK

Hovudårsaka er at fleire og fleire les avisene på nett.

– Vi har sett det over mange år. Kvardagen er blitt digital, og det har diverre gått ut over oss, seier Lund.

Det er enda ikkje avklart kor mange av dei nærare 100 avisboda i Grenland og på Notodden som vil miste jobben.