Hopp til innhold

Avfallsstasjonar må skjerpe seg – 228 brannar på fem år

Det blir slurva for mykje ved norske avfallsanlegg, meiner DSB og Miljødirektoratet. No må noko blir gjort – både for tryggleiken og miljøet.

Brann i bilvrak

OMFATTANDE: Brann i avfallsanlegg kan ta fleire dagar å sløkkje. (Arkivbilete)

Foto: Theo Valen

Vi har sett bileta. Svart røyk som veltar ut av store avfallshaugar. Brannar det er vanskeleg å sløkkje og som fører til store miljøskadar.

Frå 1. januar 2016 til 4. mars 2021 vart det registrert heile 228 brannar i norske avfallsanlegg.

Talet er såpass høgt at Miljødirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) bestemde seg for å gå grundigare til verks.

Dei har derfor hatt tilsyn ved 145 avfallsanlegg over heile landet.

– Aksjonen avdekte at 70 av dei kontrollerte avfallsanlegga hadde eitt eller fleire alvorlege brot, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i DSB.

  • Les heile tilsynsrapport her

Mye røyk fra bygningen som brenner.

I 2018 brann det kraftig hos Revac i Re i Vestfold. Den giftige røyken spreidde seg over eit stort område.

Foto: Rune Christoffer Holm / NRK

Må bli betre på mykje

Rapporten viser at det er eit stort forbetringspotensial når det gjeld brann- og miljørisikovurderingar:

  • 50 anlegg hadde manglar i brannrisikoanalysane sine
  • 45 anlegg kunne ikkje gjere greie for kva konsekvensar ein eventuell brann ville ha for naboar til anlegget
  • Mange hadde vesentlege manglar i opplæringsplanane innan førebygging av brann og sløkkjeberedskap

Det er mange ulike avvik og manglar, fortel Johan Marius Ly, som er avdelingsdirektør i DSB.

– Det kan vere mangelfulle rutinar i forhold til korleis ein oppbevarer avfallet, korleis ein sorterer avfallet og om ein har det ryddig på området. Det går òg på om ein har trena dei tilsette i sløkking og brannvarsling, seier Ly.

– Ingen tvil om at fokuset er viktig

Hos gjenvinningsselskapet Revac i Vestfold vart det ikkje funne avvik denne gongen.

Bedrifta har likevel opplevd to store brannar, og er glad for at det no blir sett meir fokus på brannberedskapen ved norske avfallsanlegg.

– Det er ingen tvil om at dette er viktig. Både for å hindre brann og at ein eventuell brann skal få så lite konsekvensar som mogleg, seier dagleg leiar Anders Aas.

Anders Aas

Anders Aas i Revac er glad for fokuset som nå blir sette på branntryggleiken ved norske avfallsanlegg.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Han trur rettleiaren som kom i kjølvatnet av tilsynsaksjonen, vil bli brukt.

– Det er det ingen tvil om. Eg trur alle i bransjen vil sjå om ein kan få råd gjennom han.

Skal følgje opp lovbrota

No er det brannvesen og statsforvaltarar lokalt som skal følgje opp regelbrota der dei har skjedd.

I tillegg skal Miljødirektoratet blant anna vurdere om det er behov for å endre krava som blir stilte i løyvet til anlegga.

– Vi forventar at eigarane av avfallsanlegga aukar branntryggleiken og forbetrar internkontrollen, slik at det blir færre brannar og branntilløp, seier DSB-direktør Elisabeth S. Aarsæther.

Antallet branner i avfallsanlegg 2016-2021

Viken

45

Vestfold og Telemark

28

Oslo

27

Innlandet

22

Agder

18

Møre og Romsdal

16

Nordland

16

Trøndelag

16

Troms og Finnmark

15

Vestland

14

Rogaland

11

Ekspander/minimer faktaboks