Åtvarar mot hurtigtesting på flyplass

Helsedirektoratet vil bruke hurtigtestar på alle grenseovergangar i Noreg. I Sandefjord fryktar dei det vil føre til at færre testar seg på flyplassen.

Silvester van Leeuwen og en kollega klargjør en hurtigtest på teststasjonen for Covid-19 på Torp lufthavn. 17.12.20

TEST: Kommuneoverlegen fryktar køkaos på teststasjonen på Torp viss dei skiftar til hurtigtesting av korona.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Så langt har 51 reisande testa positivt for covid-19 på Torp Sandefjord Lufhavn i dagane frå 2. til 7. januar. Kommuneoverlegen i Sandefjord, Ole Henrik Augestad, meiner dette talet vil stige til mellom 70 og 80 personar fordi det tek to til tre dagar å få svar på testane.

– Det er eit høgt tal og det er grunn til uro. Desse folka skulle vore smittefrie da dei sat seg på flyet til Noreg, seier Augestad.

I den same perioden har over 3000 personar kome til Torp med fly frå karantenepliktige land. Dei fleste har teke test på flyplassen.

– Me testar om lag 95 prosent av passasjerane, seier Augestad.

Kommuneoverlege i Sandefjord, Ole Henrik Augestad

UROLEG: Kommuneoverlege Ole Henrik Augestad seier det er mange som har testa positivt på Torp Sandefjord lufthavn denne veka.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Fryktar kø

I eit brev til alle kommunane i landet skriv Helsedirektoratet i dag at dei ønsker bruk av hurtigtest ved grenseovergangane til Noreg. Det inkluderer flyplassane.

På Torp brukar dei den ordinære testmetoden der folk tek testen, reiser heim og får prøvesvaret digitalt nokre dagar seinare. Ved bruk av hurtigtest må passasjerane vente på prøvesvaret på flyplassen. Det tek 15 til 20 minutt.

Augestad fryktar at køen blir for langt på flyplassen viss dei skiftar til hurtigtest.

– Me er redd folk kjem til å gå forbi køen, og seie at dei skal teste seg innan 24 timar heime. I verste fall gjer dei ikkje det. Smittetala våre viser at me bør prioritere testing på grenseovergangar, seier Augestad.

Sprengt kapasitet

Svein Lie er fagdirektør i Helsedirektoratet. Det er han som no oppfordrar Sandefjord kommune til å innføre hurtigtesting på Sandefjord lufthavn Torp så raskt som råd.

Årsaka er at alle laboratorium som tek i mot koronatestar i Noreg nærmar seg sprengt kapasitet.

– Me ønsker at kapasiteten skal bli bruka til å ta imot prøver frå teststasjonane våre rundt om i landet. Difor vil me at grenseovergangane skal bruke hurtigtesting, seier Lie.

Han skjønnar at Augestad er uroleg, men meiner det er trygt å bruke hurtigtest på grenseovergangane. Han meiner flyplassen kan løyse køproblemet på fleire måtar.

– Dei kan auke testkapasiteten ved å opprette ei testlinje til. I tillegg kan dei teste på same måte som dei gjer i dag, og ringe til folk som skulle teste positivt, seier Lie.

Fagdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet

Fagdirektør i Helsedirektoratet Svein Lie meiner flyplassen må løyse eit eventuelt køproblem.

Foto: Gorm Kallestad

Har ikkje plass

Kommuneoverlege Augestad meiner det ikkje er mogleg å auke testkapasiteten på flyplassen, slik Helsedirektoratet foreslår.

– Me har arealmessige problem på Torp, seier Augestad.

Kommuneoverlegen i Sandefjord er einig i at det vil gjere det enklare med hurtigtest om dei kan ringe folk som har testa positivt i etterkant, men peiker på at hurtigtestane ikkje er like nøyaktige.

– Hurtigtestane er dårlegare og mindre nøyaktige. Så det er ikkje sikkert me fangar opp alle som er smitta, seier Augestad.

Helsedirektoratet viser til ei studie, som seier at ein hurtigtest er opp til 85 prosent påliteleg. Dei meiner difor gevinsten, av at ein sparar fleire dagar på å få testresultatet, er stor for samfunnet.

– Så er det viktig at folk går i karantene når dei kjem hit frå andre land. Karantene og isolasjon er dei viktigaste verktøya me har, seier Lie.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 16.10.2021
2 591
Smittede siste 7 dager
95
Innlagte
884
Døde
4 190 626
Vaksinerte