Marianne Dall Jensen er designer og handverkslærar ved Porsgrunn vidaregåande skole og sit i arrangementskomiteen for lærarstreiken i Utdanningsforbundet.
- Les også:
Jensen er overraska og hadde ikkje venta dei mange reaksjonane som kom på geriljabroderia på sosiale medium etter at NRK Telemark lagde reportasje på radio og nettsidene onsdag.
– Vi hadde tenkt at det skulle bli lagt merke til, for geriljabroderi er eit uttrykk for sinne, frustrasjon og mangel på tillit frå KS si side, seier Jensen.
Men lærarane ser no at det blei litt kraftigare reaksjonar enn dei hadde tenkt seg i utgangspunktet.
Reagerer på slagord
Det er blant anna slagord som «Gunn «Mareritt» Helgesen» brodert med sirlege korssting og «Gløym bikkja, vakt deg for KS», det blir reagert på.
Blant reaksjonane på sosiale medium kan vi lese:
«Dette er mobbing av Gunn Marit Helgesen. Dette er det lærarane skal lære ungar at dei ikkje skal gjere. Dessutan brukar lærarane bannord. Det skal dei også vere for gode til å gjere som førebilete for elevane.»
«Korleis skal desse lærarane jobbe mot mobbing i skolen? Vil dei finne seg i å bli mobba av foreldre og elevar? Dette føyer seg inn i den mobbinga som blei omtalt i media tidlegare i dag. Skjønner ikkje desse lærarane, som står fram med fullt namn, kor alvorleg mobbing er?»
«Utruleg barnsleg .... Mister respekten.»
Kan verke mot hensikten
Ein av dei som reagerer på ordbruken i geriljabroderia er pensjonert lærar Stein Finsrud frå Skien.
– Eg reagerer på at dei brukar slike metodar, som ein ellers ønskjer å lære elevane at dei ikkje skal bruke. Mobbe folk og bruke lite velpleia språk, seier Finsrud.
Han fryktar det kan få følgjer for korleis folk flest ser på lærarstreiken.
– Eg synest krava til lærarane er rimelege og rettferdige, og eg håpar dei vinn fram. Men slike verkemiddel trur eg vil verke mot det som er hensikten, seier Finsrud.
Spissar formuleringane
Marianne Dall Jensen seier at dei ville få fram kva konflikten handlar om i forhold til KS som ikkje gir lærarane den tilliten dei treng for å vere gode lærarar.
– Geriljabroderiet er å spisse formuleringane, og slik skal det vere i ein streik, seier Jensen.
Ho har sjølv ikkje fått negative reaksjonar på broderia, men Jensen har lest om dei negative reaksjonane på sosiale medium.
– Vi har ikkje meint å gå til personangrep, og er lei oss om nokon har tatt dette til seg. Det er ikkje meint som hets og mobbing, seier Jensen.
– Men det er slike reaksjonar de får. Blant anna at dette er slikt som lærarane ikkje skal lære elevane?
– Eg har sett det. Men eg tenker at vi er i ein form for unntaksstillstand, der KS også har sagt veldig mykje rart og stygt om oss før streiken blei eit faktum, seier Jensen.
Her kan du høyre heile intervjuet med Marianne Dall Jensen:
Streikar mot KS
Ho meiner lærarane må få uttrykke seg i klartekst når saka er slik den er.
– Ein streik er alvorleg. Vi vil jo helst tilbake til skolebenken for å ta oss av dei flotte elevane, seier Jensen.
Nå vil lærarane moderere seg noko i geriljabroderia, men meiner saka framleis står der.
– Det er KS streiken rettar seg mot. Og dei som frontar organisasjonen er sikkert også vant til å få karakteristikkar i media. Men vi er lei oss dersom det har vore litt i overkant.
Må passe ordbruken
– Vil elevane fått lov til å gjere det same i skulen?
– Ordbruken er noko vi skal passe oss for. Men geriljabroderi skal ha spisse kommentarar.
Men etter reaksjonane dei har fått på sosiale medium vil lærarane legge seg på ei meir sakleg linje og fortelje kva konflikten handlar om.
– Angrar de på noko?
– Nei. Eit av boda innan geriljabroderi er å ikkje angre. Gjort er gjort, vi kan ikkje ta tilbake det. Men vi vinklar det kanskje litt annleis nå, seier Jensen.
Uheldig å bruke i ein arbeidskamp
Harald Johansen i Utdanningsforbundet i Telemark seier at dei har fjerna geriljabroderia som kan verke støytande frå nettsidene til Utdanningsforbundet i Porsgrunn.
Han meiner det er ein liten del av geriljabroderia som har fått ufortent merksemd i media.
– Dette er ikkje noko vi synest er heldig heller, fordi det går på personkarakteristikkar. Og det mislikar vi sterkt, seier Johansen.
– Kva trur du dette kan føre til omdømme for lærarane og streiken?
– Eg trur ikkje det betyr så mykje i den store samanhengen. Men det er uheldig å bruke personkarakteristikkar i ein arbeidskamp mot ein arbeidsgivarpart, seier Johansen.