– Folk må gjerast merksame på at vi treng mat, seier leiar i Hjartdal Bondelag, Mathias Kleppen til NRK.no i kveld.
Bønder i Hjartdal aksjonerte søndag ettermiddag mot statens tilbod i jordbruksforhandlingane etter at Bondelaget braut forhandlingane.
Bønder i Hjartdal dirigerte helgetrafikken på E 134 inn på ein sideveg og delte ut flygeblad til bilistane med krava til Bondelaget.
– Det var litt overraskande, men det var ein pen omveg vi fekk, seier ein av bilistane.
Skuffa bøndar
Mathias Kleppen i Bondelaget fortel bilistane at bøndene er misnøgde med statens tilbod.
– Det dreier seg ikkje bare om inntekt, men også om kulturlandskap, kortreist mat og miljøet. I det heile tatt levande bygder.
Aksjonar fleire stader i landet
I går braut både Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag jordbruksforhandlingane med staten. Dei meinte rett og slett at tilbodet på rundt 900 millionar kroner var for dårleg, når dei sjølve kravde rundt 2,2 milliardar kroner.
Fleire stader i landet har Norges Bondelag aksjonert i dag.