Hopp til innhold

Fullt fokus på skolevegar i august: – Pust med magen

Rett sikring av barn i bilen, rus, åtferd og fart er det UP og Trygg Trafikk har fokus på under Aksjon skoleveg.

En gruppe mennesker som sykler på en vei

AKSJON SKOLEVEG: Politiet vil vere til stades ved skolar i samband med skolestart og skoleslutt i august. Formålet er å førebygge alvorlege ulykker.

Foto: Guro Hatlo / NRK

Igjen blir gatene fylte opp av tusenvis av barn og unge på veg til og frå skolen.

I heile august har Utrykkingspolitiet (UP) fullt fokus på skolevegar.

– Dette er dei små verdsborgarane våre som vi ønsker skal få dei gode rutinane heilt frå starten av, seier Adrian Hegge, avsnittsleiar for UP.

En mann i politiuniform og gul vest står ute på en vei med biler bak seg.

Adrian Hegge er politioverbetjent og avsnittsleiar i Utrykkingspolitiet.

Foto: Guro Hatlo / NRK

Rett sikring av barn i bilen, rus, åtferd og fart er fokuset.

Stress i kvardagen

Hegge fortel at dei ser ein del utfordringar.

Det er ikkje alle som passar godt nok på å sikre barnet i bilen, at setebeltet er korrekt plassert og korleis ein oppbevarer ting i bilen.

– Vi har forståing for at folk har dårleg tid på morgonane, og det er ein gjengangar vi ofte ser på skolane vi besøker. Men pust med magen og prøv å tenke eit par steg fram.

Det er vanskeleg å svare på kva det verste Hegge har sett er. Det er eigentleg mykje som er det verste, seier han.

Det kan få katastrofale følger om ein ikkje sikrar barnet sitt godt nok.

– Ingen foreldre eller føresette har lyst til å komme i ein sånn situasjon der dei har ansvar eller skuld i at barnet deira blir skadd.

Les også Trygg Trafikk åtvarar mot å kjøpe brukte barnesete

Silje Kristine Hansen, spesialrådgiver, Trygg Trafikk sjekker beltet til Arya Rose Dowson.

Kiss and ride

Labakken skole i Færder er splitter ny og har ei eiga droppsone. Ei droppsone er eigna stader der barn som blir køyrde kan bli slopne av eller henta.

En gruppe mennesker i gule vester som står i veikanten

Ved Labakken skole i Færder kommune står UP og Trygg Trafikk.

Foto: Guro Hatlo / NRK

Desse stadene bør vere lokaliserte slik at resten av skolevegen blir trafikksikker, og aller helst eit lite stykke frå skolen, ifølge Trygg Trafikk.

Ei utfordring dei ser på mange skolar i Vestfold, er at foreldre parkerer der og følger barna inn på skolen.

– Det er kiss and ride som gjeld, seier Unni Knutli i Trygg Trafikk.

En kvinne med gul vest står ute i en gate.

Unni Knutli er regionleiar for Vestfold i Trygg Trafikk.

Foto: Guro Hatlo / NRK

Det blir problematisk da det blir opphoping, kø og mange som blir borte bak bilen, ifølge Knutli.

– Så er det nokon som ryggar, og det kan oppstå situasjonar som er veldig uheldige. Det må jobbast med både frå skolen og kommunen si side.

Les også Vil nekte 16-åringer å kjøre lett MC: – For farlig

en rad med motorsykler parkert i veikanten

Eit godt samspel

Andre dagen inn i Aksjon skoleveg har ikkje UP nokon foreløpige tal på korleis kontrollen har gått.

Avsnittsleiar Hegge kjem likevel med ei oppfordring:

– Hald fartsgrensa, køyr rusfritt, ver merksam og tolmodig. Klarer vi det, så blir det eit kjempefint samspel.