Hopp til innhold

– Trist at ungdom må dø

SLT-koordinator i Skien, Frøydis Straume seier det er trist at det må skje alvorlege ting før det blir klart for ungdom kor farleg eit narkotisk stoff kan vere.

Frøydis Straume

– Det er trist at det må skje alvorlege ting som dødsfall før ungdomen skjønar kor farleg dette er, seier SLT-koordinator Frøydis Straume.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Tre unge menneske i Grenland er døydde etter det som kan være overdoser av eit nytt, narkotisk stoff som liknar GHB.

– Det er skummelt og trist at unge mister livet uansett rusmidler, men særleg trist når det er ein ny type stoff som ein ikkje veit verknaden av, seier Straume.

Dødsfalla har skjedd i løpet av ei dryg veke. Og politiet åtvarar nå sterkt mot det nye syntetiske stoffet som blir kalla butanediol.

- Veit ikkje korleis dei virkar

SLT-koordinatoren har nyleg fått vite om det nye stoffet som er i omløp.

– Dei nye syntetiske stoffa som blir produsert i Austen eller heime hos folk dukkar opp fort og er farleg fordi folk ikkje veit korleis det virkar, seier Straume.

SLT jobbar generelt mot syntetiske narkotiske stoff, og Straume meiner det er viktig med nær kobling til fritidsklubbar og andre stader der ungdomen er.

– Det er trist at det må skje alvorlege ting som dødsfall før ungdomen skjønar kor farleg dette er. Men då blir informasjonen spreidd fort i miljøa som er i risikosonen, seier Straume.