Hopp til innhold

- Eit samfunnsproblem

Elgforvaltar vil halvere elgstamma i frykt for at dei vil spreie sjukdommar.

Elg
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ei usunn elgstamme sammen med klimaeffekter kan føre til meir parasittar som flått og hjortelusflue - og dermed også til meir dyresjukdommar.

Det fryktar Lars Erik Gangsei hos Faun Naturforvaltning i Fyresdal, som meiner at stor elgtetthet er eit samfunnsproblem

Han vil skyte enda fleire elg, trass i at stamma er nesten halvert på ti år.

Hør Lars Erik Gangsei om: Elg, trafikk og parasitt

Hør: Mattilsynet om for mykje elg

Høgare fare for sjukdom

- Elgstamma i Telemark må reduserast til det halve for å få balanse mellom matfatet og talet på elg, seier Gangsei.

Flått på hjortevilt - kanskje spesielt rådyr har lenge vore eit stort problem i Telemark, og flåtten brer seg innover i landet og heilt opp mot tregrensa, viser observasjonar nå i vår.

Hjortelusflua har kome inn til Norge frå Sverige og er ei plage for elgen i Østfold - men den er og påvist i Telemark.

Ikkje i tvil

Gangsei trur det er lurt å førebu seg på at problemet bare vil auke.

- Det er høgare fare for utbrudd av sjukdommar i elgbestand med høg tetthet, seier elgforvaltaren.

- Mange elg vert difor eit sjansespel i forhold til parasittar og sjukdom, konkluderer han.

Han er ikkje i tvil om at elgstamma må skytast ytterlegare ned, trass i at stamma er nesten halvert frå toppåret 1999.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark