NRK Meny
Normal

Tatt på E18 med lik i bagasjerommet

Ein 34 år gamal mann blei laurdag ettermiddag stansa på E 18 med eit lik i bagasjerommet på bilen.

Politibil (illustrasjonsfoto)
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Den døde er sannsynlegvis ein mann som denne veka blei meldt sakna i Oslo. Han blir rekna som ein kjent profil i ungdomsmiljøet i hovudstaden, skriv VG.

34-åringen blei for åtte år sidan dømt til 21 års fengsel for overlagt drap på den 18 år gamle Tom Halvorsen, og han hadde permisjon frå fengselet då han blei stansa av politiet.

Skulda pengar

Natt til laurdag skal den arrestert 34-åringen ha vore i kontakt med familien og forklart at han hadde fått i oppdrag å frakte bort liket av nokon han skulda pengar.

Familien tok tidleg laurdag morgon kontakt med politiet og fortalte om det som 34-åringen hadde fortalt.

Væpna aksjon

Mannen blei offisielt etterlyst laurdag fordi han ikkje oppfylte permisjonsvilkåra. Arrestasjonen skjedde utan dramatikk i ein væpna aksjon på E18 i avkjøringsfila mot Larvik på Bommestad klokka 13.20 laurdag.

34-åringen ba med ein gong etter arrestasjonen om å få John Christian Elden som advokat. (©NTB)