Hopp til innhold

Menn vil kutte røyken

Kurs i røykekutt utan kvinner er ein suksess for menn.

Røykekutt for menn
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Menn treng eigne røykekurs. Kreftforeningen avslutta onsdag det første kurset i sitt slag for menn i Tønsberg.

Seksjonssjef Stein Fredrik Bruland er overraska over det gode resultatet.

-  At så mange er røykfrie etter ti veker synest vi er eit kjempegodt resultat, seier Bruland.

Berre ein falt frå

Røykekurset for menn var ein suksess. Det er gruppa med menn i Tønsberg eit bevis på. 

- Den interne praten er mindre på eit kurs for menn. Kvinner kan gjerne snakke seg bort frå kjenslene sine, mens menn er meir treffsikre på å snakke om dei eigentlege tinga, seier Bruland

Av til saman 12 menn har 11 stumpa røyken etter å ha delteke på kurs i regi av Kreftforeningen.

Nå ønskjer foreningen å gje menn over heile landet det same tilbodet. 

Har lyst på noe

 

 

 

 

 

 

 

Røykekutt for menn
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Men det hjelper ikkje bare å snakke seg ut av røykesuget. Det blir knaska iherdig. Fingrar som før var opptekne med røyken, kastar seg i dag over fruktfata på kurset.

- Du har jo heile tida lyst på noko. Og når du ikkje skal ha røyk blir det noko anna, seier kursdeltakar Tor Egil Kristiansen.

Snakkar friare utan kvinner

Så står det att å sjå om dei held seg røykfrie. Raskt oppsummert ser resepten ut til å vere epler, humor og fråver av kvinner.

- Det er viktig og ha det moro saman. Vi har vel ledd oss ut av røykinga, seier kursdeltakar Kurt Andresen.

Bruland trur menn snakkar friare når det ikkje er kvinner til stades.  

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark