Hopp til innhold

Kø og kaos i sentrum

Holmestrand sentrum er igjen blitt staden bilistar elskar å hate.

Holmestrand sentrum bilkø
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Først blei Hanekleivtunnelen stengt, og nå Holmestrandstunnelen.

Det betyr at bilistane igjen må rekne med lange køar gjennom Holmestrand sentrum.

Holmestrandtunnelen har fungert som omkjøringsveg etter at Hanekleivtunnelen blei stengt, og no har også den blitt stengt.

Stengt til søndag

Nå går all trafikk gjennom sentrum slik den ein gang gjorde, og det vekker gamle, men ikkje nødvendigvis gode minner om ei tid ein trudde var forbi.

Det er 24 år siden sist den tungt trafikkerte vegen hadde status som europaveg.

Skaden i Holmestrandstunnelen ser ikkje så dramatisk ut, men tunnelen må vere stengt til nødvendige reperasjoner er gjennomført.

Og tunnelen vil truleg vere stengt fram til søndag kveld.

E 18 er stengt mellom Sande og Holmestrand etter eit ras i Hanekleivtunnelen 1. juledag.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark