Hopp til innhold
Urix forklarer

«Tankevekkande at naziflørtinga ikkje fekk fleire til å vegre seg»

Ytre-høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AfD) blei isolert frå dag ein i den nye Forbundsdagen. Det heng saman med Tysklands dystre historie.

Partileder Frauke Petry i AfD

Tidlegare partileiar i AfD, Frauke Petry.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

I delstaten Sachsen er AfD største parti.

I delstatane i aust-Tyskland, gamle DDR, er AfD nest største parti.

På landsplan er partiet tredje størst, nær hundre AfD-representantar har no tatt sete i Forbundsdagen, men dei andre partia vil ikkje ha noko med partiet å gjere.

Naziflørt

Mange AfD-veljarar gir uttrykk for at toppane i AfD gjekk for langt i sin flørt med nazifortida i valkampen.

Men dei valde altså å stemme på dei likevel.

Og det er eit kjernepunkt, for det var jo fortida som skulle skilje Tyskland frå andre vestlege land med høgrepopulistiske parti.

Vaksinert mot ytre høgre?

Midt i Berlin står holocoustminnesmerket – til stor irritasjon for fleire AfD-toppar.

Overalt i hovudstaden blir ein minna om Tysklands dystre historie.

For å mane til historisk medvit og ettertanke. Det var hovudgrunnen til at det ikkje var noko parti til høgre for Merkels Kristendemokratar i Forbundsdagen, blei eg fortalt då eg flytta til byen som korrespondent for drygt ti år sidan.

På kneipene den gongen gjekk diskusjonen om det var greitt, også i Tyskland, å feire sine fotballheltar med flagg i gatene under VM i 2006.

Valgplakat AfD

AfD gjorde det godt over heile Tyskland med om lag 13 prosent av stemmene, dei får nesten hundre seter i Forbundsdagen.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Radikale partitoppar

11 år etter er det kome inn eit ytre høgreparti i forbundsdagen, der dei mest radikale har tatt føringa.

Vi kan vere stolte av det tyske soldatar utretta under krigen, sa AfD sin frontfigur Alexander Gauland til NRK dagen etter valet.

Medan ein annan partitopp, Björn Höcke,meiner holocaustminnesmerket i Berlin skulle vore fjerna.

Alexander Gauland

Alexander Gauland, ein av partitoppane i AfD.

Foto: Tobias Schwarz / AFP

Ulikt oppgjer

Oppgjeret med krigshistoria var heilt ulikt i dei to tyske statane.

Sekstiåttergenerasjonen sitt knallharde oppgjer med foreldregenerasjonen skjedde i vest og skuleverket hadde eit heilt anna oppgjer med fortida i vest.

Og medan DDR nekta å betale noko form for erstatning til offera for Holocaust, betalte Forbundsrepublikken. Først dei seinare åra, etter gjenforeininga, er bildet justert noko.

Oppgjeret med krigshistoria er med å forklare den ulike tilnærminga til ytre høgre i dag.

Gjestearbeidarane i vest

Ein annan tydeleg historisk forskjell er innvandring. Forbundsrepublikken hadde ei betydeleg innvandring gjennom brorparten av etterkrigstida. Gjestearbeidarar frå andre kulturar, ikkje minst tyrkarar.

DDR hadde rett nok noko innvandring frå kommunistland som Vietnam, men det kan knapt samanliknast.

I dag bur mellom tre og fire millionar tyrkarar i Tyskland, dei aller fleste i vest, inkludert tidlegare Vest-Berlin.

Protest mot eliten

Ein typisk AfD-velgeren er altså ein mann som bur på landsbygda i det som var DDR.

I aust er velstandsnivået lågare og arbeidsløysa høgare enn i resten av landet.

Berlin-avisa Tagesspiegel skriv at den høge oppslutninga om AfD i aust er ei fallitterklæring etter snart 30 år med gjenforeinigspolitikk i Tyskland.

Store over heile landet

Det er altså forskjell på aust og vest, men AfD er i dag eit fenomen over heile landet.

Oppslutninga om AfD var først og fremst ein protest, ifølge instituttet Infratest. Mot dei etablerte partia, mot kriminalitet, mot innvandringspolitikken, mot aukande forskjellar mellom eit fattig mindretal og majoriteten. Og kanskje i nokon grad, mot forskjellar mellom aust og vest.

Ein vekkar

Det var såleis neppe AfD-toppanes utsegn om tyske soldatar under krigen eller holocoustminnesmerket i Berlin som mobiliserte.

Men det er tankevekkande at flørten med nazifortida ikkje fekk fleire til å vegre seg.

SISTE NYTT

Siste nytt