Hopp til innhold

Henta heim barnebarna frå al-Hol-leiren: – Ingen teikn til at dei er radikaliserte

I 2019 redda han alle sju frå ein dyster skjebne i Syria. No bidreg han til forsking om skandinaviske krigsbarn.

Patricio Galvez i 2021.

REISTE TIL SYRIA ÅLEINE: Snart fire år etter at han henta barnebarna sine frå al-Hol leiren, seier Patricio Galvez at dei har det bra med fosterfamiliane sine.

Foto: Thomas Overgaard Nielsen

For fire år sidan sat Patricio Galvez på eit fly til Syria med kofferten full av leiker og barneklede.

Dottera hans var drepen i eit granatangrep, og IS-krigaren ho var gift med døydde i sluttangrepa mot ekstremistgruppa.

Med dette var dei sju barna foreldrelause, og åleine i den berykta al-Hol-leiren.

På eit sjukehus i Erbil møtte han dei for første gong, underernærte og sjuke. Den eldste guten viste teikn på alvorlege traume etter å ha sett far sin bli skoten og drepen.

Patricio Galvez med de sju barna

Galvez saman med dei sju barnebarna sine. Biletet er teke i 2019.

Foto: Privat

Til NRK seier morfaren at han meiner at dei har klart seg ganske bra under omstenda.

Han seier dei trivst på skulane sine i Sverige, og har venner som dei elskar å leike med. Nokre har starta på basket, tennis og symjing. Eitt barn er glad i å synge.

Dei er heller ikkje så små lenger. Dei eldste er nesten tenåringar, og den yngste fyller fem i år.

– Han var nær døden to gongar, men er i dag ein kjempesterk og klok gut. Det er veldig vakkert å sjå han springe og le. Han tøyser veldig, litt som meg. Litt av det same latino-glimtet, seier svensk-chilenaren og ler.

– Det første behovet som barna hadde var berre å føle seg trygge igjen, og at dei var saman med slekt. Dei trengde heilt enkelt å føle seg elska igjen, og føle at dei ikkje hadde gjort noko gale.

Patricio Galvez og barnebarnet

Eittåringen som Galvez henta heim i 2019, var alvorleg sjuk og underernært.

Foto: Privat

Den siste tida har Galvez blitt kontakta av fleire universitet, til forsking om krigsbarn og radikalisering.

Eitt, ved Lund Universitet, samanliknar måten barn av tyske soldatar blei behandla av skandinaviske land etter andre verdskrig med måten barn av IS-soldatar blir behandla i dag.

Galvez meiner prosjektet er viktig. Han kritiserer dei skandinaviske landa for manglande vern om eigne barn sine rettar, når barna held til utanfor landet sine grenser.

Ein brest i systemet

Då Galvez først fekk vite at dottera hans og far til barna var drepne, bad han styresmaktene i Sverige om hjelp til å få barna heim til seg.

– I Sverige har vi barnekonvensjonen, der det står at barn bør få hjelp med ein gong, men den hjelpa gav dei ikkje. Dei agerte ut ifrå at folk si meining om at barna var tikkande bomber, seier Galvez.

Patricio Galvez pakker

Kofferten blei pakket full av barneklede og leiker da Galvez reiste for å hente barna i Syria.

Foto: Kristin Grønning

Han seier at også Noreg, og «framfor alt» Danmark, har vist motvilje til å hente heim barn frå al-Hol leiren.

Michael Skråmo

Norsk-svenske Michael Skråmo er far til dei sju barna.

Foto: Facebook

– Så det finst ein brest der som vi verkeleg burde undersøke og rette på, for det er ein stor frustrasjon for oss som hamnar i desse konfliktane.

I dag bur barna i fosterfamiliar, som Galvez seier han og farmora deira fekk vere involverte i å velje.

Dei siste åra har dei fått besøke kvarandre «så mykje vi vil og kan», ifølge Galvez.

Han synest dei svenske styresmaktene har gjort ein god jobb med å ta hand om dei etter at dei kom fram til Sverige.

Les også Barnebarna opplevde «et helvete» med IS: – Skal få vokse opp i et miljø med kjærlighet

Patricio Galvez snakker med NRK

Vil lære av etterkrigstida

Martina Koegeler-Abdi er postdoktor ved fakulteta for Menneskerettar og Historie ved Lund universitet.

-

Martina Koegeler-Abdi er postdoktor ved Lund Universitet.

Foto: Lund Universitet

Ho har den siste tida forska på skandinaviske krigsbarn, som blir kalla for Children born of war (CBOW) på engelsk.

Formålet er ikkje å samanlikne ideologiane til nazistane og IS, men å sjå på statusen deira som barn av «mødrer møtt med mistillit og fedrar som er fiendar».

Koegeler-Abdi meiner det historiske perspektivet kan bidra til å «løyse» det ho kallar ein stilleståande prosess, der landa unngår å bestemme om barna som er att skal hentast heim eller ikkje.

-

Eit barn i den syriske al-Hol leiren, som husar familiane til medlem av IS. Biletet er teke i 2019.

Foto: DELIL SOULEIMAN / AFP

– Internasjonale hjelpeorganisasjonar og FN-organisasjonar er veldig tydelege på at ja, ut ifrå barnerett-konvensjonen at ein stat sitt ansvar ikkje skal stoppe ved landegrensene. Dei norske og svenske styresmaktene er ueinige, men anerkjenner samtidig desse barna sitt humanitære behov. Så det er ein rar stillestand. Ingenting skjer.

– Måten denne rare motsetnaden kjem fram, «ja vi vil redde barna, men nei det er viktigare å straffe mødrene», og korleis straffa mot mødrene trumfar barna sine behov så lenge dei er utanfor Skandinavia, det meiner eg resonnerer veldig sterkt med eksempla frå andre verdskrig.

Debatt om kvar ein høyrer til

Dei fleste av dei skandinaviske barna som hadde tyske soldatar som fedrar, blei verande i Noreg og Danmark etter andre verdskrig.

Eit par hundre reiste til Tyskland og blei forlatne der etter at krigen slutta.

Av barna som skal ha blitt repatrierte frå Tyskland etter krigen, har Koegeler-Abdi funne arkiverte bevis på debatt om 97 nordmenn, 32 danskar, fem finnar og ein svenske.

Til no har ho stort sett snakka med vaksne krigsbarn som har tysk far og dansk mor.

Ho seier dei internasjonale velferdskontora etter krigen måtte definere krigsbarn som «ikkje tyske», og dermed «uskuldige», for at dei skulle vere gyldige kandidatar for statleg hjelp.

-

Barn av tyske soldatar og norske kvinner i «Lebensborn»-programmet, som hadde fødeheimar i Noreg.

Foto: NTB / NTB

I dagens debatt om ein skal repatriere barn av Skandinavar i IS, handlar det i stor grad om faren for radikalisering, seier ho.

– Eg meiner at eit skifte frå å kalle desse barna for «terroristbarn» til «krigsbarn» er ein måte å avstigmatisere situasjonen.

– Dersom du berre tenker på at det forferdelege IS har gjort, verkar det som barna sine rettar mister fotfestet.

Frykt for radikalisering

Organisasjonen Human Rights Watch (HRW) har samla inn erfaringane til kring hundre barn som har returnert til blant anna Frankrike, Tyskland, Nederland og Sverige.

Dei har, på lik linje med Galvez, erfart at barna klarte å omsette seg «overraskande godt» etter at dei blei henta heim til desse landa.

– Born som har blitt redda frå leirane sine redslar, har det bra på skulen, har fått nye vennar og bygger nye liv i heimlanda sine, seier Jo Becker, som er direktør for barn sine rettar i HRW.

Noreg er ikkje nemnt i rapporten, men har til no teke imot åtte barn. Framleis er det fire norske barn som er internerte i Syria.

Patricio Galvez' barnebarn

Tre av barnebarna til Patricio Galvez, slik dei såg ut i 2019.

Foto: SVT

Sverige er eitt av landa som får skarp kritikk. HRW skriv at gjenforeiningar har vore vanskelege og i nokre tilfelle førte til at barna blei utsett for ytterlegare belastning.

Galvez meiner at styresmakter, politi og organisasjonar som jobbar med radikalisering, må samarbeide betre med slekt og pårørande.

– Indoktrinering, sjølvsagt skjer det stadig vekk og systematisk, framfor alt i ein kontekst der ein held til i eit område der tankegangen finst så opent som det var under kalifatet.

– Men no har barnebarna mine vendt tilbake til Sverige. Dei veks opp med heilt andre verdiar, og ein stad med andre verdsbilete og andre meiningar, der dei sjølve kan utforske kva som er rett og gale. Det finst ingen teikn på at dei er radikaliserte. Eg trur det motsette er tilfelle, faktisk.