Hopp til innhold

Vurderer bilete av død bin Laden

Det kvite hus har enno ikkje avgjort om dei skal offentleggjere bilete av den døde Osama bin Laden.

Video Animasjon av angrepet på bin Laden

VIDEO: Animasjon av angrepet på bin Laden.

Talsmann for Det kvite hus, Jay Carney, sa på ein pressekonferanse i kveld at bileta av den døde bin Laden er «grufulle», og at det ikkje er sikkert at dei vil bli offentleggjorde.

- Bileta må kunne kallast grufulle, og dei kan verke provoserande på mange, sa Carney blant anna.

Han gjorde det klart at fleire av dei viktigaste rådgjevarane til presidenten no diskuterer spørsmålet om det er rett å publisere bileta av den drepne terrorleiaren.

Nettstaden Drudgereport melde i ettermiddag at Det kvite hus alt hadde avagjort at dei ville offentleggjere eit bilete, men at det var uklart når det ville skje.

Skotsår i hovudet

Eitt av bileta skal vise eit skotsår ovanfor bin Ladens venstre auge.

Nyheitsbyrået Reuters melder at Det kvite hus kan kome til å publisere bilete som er tekne under gravferda frå eit amerikansk marinefartøy nord i Arabiahavet.

Liket av Osama bin Laden vart floge ut av Pakistan i helikopter. Det vart gjort undersøkingar av liket av amerikanske ekspertar i Afghanistan, før det vart frakta ut til marinefartøyet.

Taliban vil ha bevis

Det er hittil ikkje frigitt bilete som viser at Osama bin Laden verkeleg er død, og dette har sett i gang spekulasjonar om at han framleis kan vere i live.

Seinast i ettermiddag gjekk Taliban i Afghanistan ut og sa at dei enno ikkje har sett «akseptable bevis» på at Osama bin Laden er død.

SISTE NYTT

Siste nytt