- Burde heldt seg heime

Presidenten i flaumråka Pakistan, Asif Ali Zardari, får krass kritikk frå fleire hald for å vera på Europa-tur medan folk i heimlandet lir.

Britiske parlamentsmedlemmar av pakistansk opphav avlyste torsdag ein planlagd lunsj med den pakistanske presidenten Asif Ali Zardari.

– Eg kjem ikkje til å møte presidenten fordi eg meiner eit statsoverhovud skal vera tilstade i heimlandet sitt under ein så prekær krisesituasjon, seier Lord Nazir Ahmed til AFP.

På slottsbesøk

Zardari møter Sarkozy i Frankrike 3.august.

Den franske presidenten Nicolas Sarkozy tek i mot Asif Ali Zardari under den pakistanske presidenten sitt besøk i Frankrike denne veka.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

Medan Pakistan opplever sin verste flaumkatastrofen på 80 år, er landets president Asif Ali Zardari på Europabesøk.

Dei britiske politikarane som har avlyst dagens møte, seier dette er i protest mot at presidenten ikkje er heime og tar hand om den enorme flaumkatastrofen som har råka meir enn 4 millionar av folkesetnaden i Pakistan.

Zardari ankom London på tysdag, etter å ha tilbrakt litt tid på sitt private slott i Frankrike. I Frankrike møtte Zardari også den franske presidenten Nicolas Sarkozy, som bad om bistand for å handtere dei katastrofale konsekvensene av flaumen.

"Mr 10 Percent"

Demonstrasjonar mot Pakistans president

Protestantar samla seg tysdag utanfor Churchill Hyatt Regency Hotel der Pakistans president Asif Ali Zardari er innkvartert under sitt opphald i London.

Foto: Katie Collins / Ap

Den pakistanske presidenten, som har fått kallenamnet "Mr 10 Percent" etter at korrupsjonanklager gav han ein kraftig nedtur på popularitetsskalaen, blei møtt av hissige demonstrantar då han ankom sitt hotell i London tysdag denne veka.

– Tusenvis døyr på grunn av flaumen og milllionar er heimlause, sa Kashif Haroon.


– Me treng kvar einaste krone til å hjelpe desse folka. Istaden brukar Zardari millionar av skattebetalarane sine pengar til å feriere og leve eit overdådig liv, la demonstranten til.

Kjølig

Asif Ali Zardari ved ankomst i London

Asif Ali Zardari ved ankomst i London.

Foto: Ap

Fredag skal Zardari i privat middagsselskap med den britiske statsministeren David Cameron.

Det er knytta mykje spenning til møtet, etter at forholdet mellom London og Islamabad kjølna som følgje av ein ordkrig mellom dei to førre veke.

Munnhoggeriet mellom Zardari og Cameron starta då den britiske statsministeren, under eit besøk i India i førre veke, antyda at grupper i Pakistan støttar «eksporten av terror til naboland som Afghanistan og India.

– Storbritannia kan ikkje akseptere at Pakistan står på begge sider og fremjar eksporten av terror, sa Cameron.

– Taper kampen mot Taliban

Tysdag tok Zardari til gjenmæle då han uttalte at det internasjonale samfunnet - Pakistan inkludert - har starta kampen mot terror i feil ende og no er i ferd med å tape kampen mot Taliban

– Det handlar i bunn og grunn om å vinne folk sine hjarter og sinn, sa Zardari til den franske avisa Le Monde.

Talspersonar frå den pakistanske presidenten sitt kontor har så langt sagt at møtet med Cameron vil gå som planlagd. Ifølgje ei melding offentleggjort måndag, ser Zardari på møtet som eit godt høve til å leggje fram sine synspunkt kring kampen mot terror.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt