Hopp til innhold

Vil at regjeringa skal ta initiativ til etterforsking av krigsbrotsverk

SV ber om etterforsking av krigsbrotsverk i Israel og dei palestinske områda etter Hamas-angrepet.

Ingrid Fiskaa, utenrikspolitisk talsperson i SV

KRIGSBROTSVERK: Ingrid Fiskaa i SV viser til at regjeringa bad om etterforsking av krigsbrotsverk i Ukraina, og meiner dei må gjere det i Israel og dei palestinske områda også.

Foto: Heiko Junge / NTB

Fleire hundre sivile er drepne i Hamas sine angrep på Israel dei siste dagane.

Bilete og videoar i sosiale medium viser korleis dei er slakta ned langs gater, i bilar og i eigne heim.

Hamas held gislar inne i Gaza, som dei no truar med å drepe om Israel held fram med å bombe Gaza.

Raketter avfyres fra Gaza mot Israel 10. oktober

Palestinske militante skyt rakettar frå Gaza mot Israel tysdag.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

SV kallar det for krigsbrotsverk, og tek til orde for ei etterforsking.

Angrep på sivile er krigsbrotsverk som må etterforskast. Det gjeld både Hamas sine angrep i Israel, og Israel si stenging og bombing av Gaza.

Det seier SVs utanrikspolitiske talsperson, Ingrid Fiskaa, til NRK.

Få oversikt over angrepet laurdag:

Les også Hamas-angrepet på Israel

A woman reacts at the site where a rocket launched from the Gaza Strip landed in Tel Aviv

Kallar på regjeringa

Fiskaa og SV meiner regjeringa i Noreg må ta til orde for ei slik etterforsking.

– Regjeringa må ta grep for at desse folkerettsbrota blir etterforska, slik at sanninga kan koma fram og dei ansvarlege kan bli tiltalt og dømt, seier Fiskaa.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) kan straffeforfølgje enkeltindivid for blant anna krigsbrotsverk på vegner av land som ikkje ønskjer eller kan gjere det sjølv.

Israelske soldater frakter ut døde fra kibbutz Kfar Azza etter Hamas-angrep. 10. oktober.

Israelske soldatar fraktar ut daude personar frå kibbutz Kfar Azza tysdag. Dei blei drepne i angrepa frå Hamas.

Foto: Erik Marmor / AP

Fiskaa viser til at regjeringa i Noreg spelte inn til ICC at det var naudsynt å etterforske krigsbrotsverk i Ukraina då Russland invaderte landet.

Då Russland angreip Ukraina, viste den norske regjeringa handlekraft. Fire dagar etter invasjonen bad dei ICC om å starta etterforsking.

Ho meiner man må handle raskt for ikkje å gå glipp av dokumentasjon.

Denne kjappe avgjerda sørga for tidleg dokumentasjon av folkerettsbrot og ein tiltale mot Putin, seier Fiskaa.

Les også Ekspert: Tror gissel-taktikken til Hamas kan feile

En video distribuert av Hamas, viser det de hevder er israelske gisler.

Huitfeldt: Svært bekymra

– Vi er svært bekymra for situasjonen i Israel og Palestina, også for moglege krigsbrotsverk, svarer utanriksminister Anniken Huitfeldt i ein skriftleg kommentar til NRK.

Ho peiker på at ICC starta etterforsking av moglege krigsbrotsverk gjort i Palestina allereie i 2021.

– Samtidig har dei nasjonale styresmaktene i Israel og Palestina hovudansvaret for å etterforske moglege brotsverk gjort innanfor jurisdiksjonen deira. Noreg oppmodar alle statar og aktørar til å samarbeide om etterforsking og straffeforfølging av dei mest alvorlege internasjonale brotsverka, skriv Huitfeldt.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa onsdag at angrepet Hamas har utført mot Israel ikkje kan beskrivast som noko anna enn terror og krigsbrotsverk.

– La meg gjera det heilt klart: Ein organisasjon som har planlagt, gjennomført og tatt ansvar for slike terrorhandlingar må kunne karakteriserast som ein terrororganisasjon. Punktum. Ferdig snakka, seier statsministeren.

NRK forklarar dei viktigaste omgrepa:

Les også Sjå kartet over Midtausten: Dette fjellområdet kan igjen bli aktuelt

Golanhøgda

Framleis spent situasjon

På fjerde dagen etter angrepet er situasjonen framleis spent i Israel og i dei palestinske områda.

Minst 1200 israelarar skal vere drepne, mens 1055 skal vere drepne på palestinsk side.

Israelsk rakettangrep mot havna i Gaza by 10. oktober

Ein israelsk rakett slår ned i vatnet i hamna i Gaza by tysdag.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

Hamas seier dei no angrip flyplassen i Tel Aviv med rakettar. Ein talsperson for flyplassen avviser at dei er under angrep.

Samstundes åtvarar Hamas innbyggjarane i den israelske byen Ashkelon om å forlate staden innan klokka 18.00 norsk tid. Det er uvisst kva som vil skje med dei som ikkje forlèt byen.

Les også Hamas: Kva står dei for og kven er leiarane?

hamas-krigarar poserer med våpen. balaklava og grønne panneband.

SISTE NYTT

Siste meldinger