Hopp til innhold

Vart nekta å fortelje om overgrep

Ei libysk kvinne trygla om hjelp frå utanlandske journalistar mot overgrep frå Gadhaffi-soldatar då ho vart fjerna med makt av folk frå regjeringa.

Libysk kvinne blir nekta å snakke med pressa

Her grip sikkerheitsvaktene inn for å stanse ei libysk kvinne frå å snakke med utanlandsk presse.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

Kvinna sat på Rixos Hotell i hovudstaden Tripoli og snakka med utanlandske journalistar då representantar frå regjeringa kom for å hente ho.

Journalistane var på hotellet som gjester av den libyske leiaren Muammar al-Gaddafi.

Libyske Eman al-Obaidi fortel om overgrep

Libyske Eman al-Obaidi fortel om overgrep frå Gaddafi-soldatar.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters
Eman al-Obaidi nekta å forlate hotellet

Her nektar ho å høyre på servitøren som ber ho om å forlate hotellet.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

Libysk kvinne blir frakta bort frå hotell i Tripoli

Her blir Obaidi frakta bort frå hotellet. Ingen fekk svar på kvar ho vart teken med.

Foto: STR / Reuters

Kvinna, som presenterte seg som Eman al-Obaidi frå Benghazi, hadde kome seg forbi sikkerheitsvaktene.

– Urinerte på meg

Journalistane som til vanleg deltek på pressekonferansane til regimet, fekk sjå ho vise fram arr og sår på kroppen, som ho fortalde at Gaddafi-trufaste soldatar hadde påført ho.

Ho sa ifølgje The New York Times at ho vart valdteken av 15 menn, og hevda at overgrepa var filma.

– Dei hang meg opp, gjorde frå seg på meg og urinerte på meg.

– Dei seier at vi alle er libyarar, og at vi alle er eitt folk. Men sjå kva Gaddafi sine folk gjorde mot meg, sa ho.

Då sikkerheitsvaktene fekk med seg kva som skjedde, greip dei inn, skriv The Guardian.

Frakta vekk i bil

Kvinna nekta å vere med, og prøvde å slå seg laus medan ho ropte og skreik.

– Nei, nei, nei, nei! ropte ho.

Journalistane som prøvde å stanse mennene i å ta ho med, vart dytta unna av sikkerheitsvaktene.

Kvinna vart kvinna dregen med ut frå hotellet, medan journalistane vart nekta svar på spørsmål om kvar ho vart teken med.

– Eg veit ikkje, eg veit ikkje, eg veit ikkje kvar dei tek meg, skreik ho før ho vart dytta inn i ein bil og frakta vekk.

Sjå The Telegraph sin video frå hendinga:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt